Heim Nyhende Skulen neglisjerer fleirspråklegheit

Skulen neglisjerer fleirspråklegheit

Må få meir plass i skulen, meiner Språkrådet.

 

Sjølv om kvar tredje skuleelev i Noreg er fleirspråkleg og språkmangfaldet florerer i skulegarden, blir sjeldan fleirspråklegheit utnytta som ressurs i timane, viser ei ny undersøking. Fleirspråklegheit må få større plass i læreplanar og kompetansemål, meiner Språkrådet.

Berre éin av tre lærarar har tatt opp fleirspråklegheit som emne i undervisninga, og få har planar om slik undervisning, viser undersøkinga «Rom for språk?», som fleirspråklegheitssenteret MultiLing ved Universitetet i Oslo og Ipsos MMI har gjort på oppdrag frå Språkrådet.

Problematisk

Rådgjevar Ingunn Indrebø Ims i Språkrådet meiner det er problematisk at lærarane i så liten grad utnyttar språkmangfaldet blant elevane i undervisninga.

– Denne usynleggjeringa av fleirspråklegheit er problematisk. Skulen skal reflektere det samfunnet vi har, ikkje minst det språklege mangfaldet, seier rådgjevar Ingunn Indrebø Ims i Språkrådet.

Det nokså låge innslaget av fleirspråklegheit i klasserommet står i kontrast til språkferdigheitene til elevane, viser undersøkinga. Éin av tre elevar kjem frå ein fleirspråkleg heim, og i friminutta tyr elevane ofte andre språk enn norsk gjennom lånord og bruk av ord og setningar frå andre språk. Engelsk dominerer, ikkje minst i form av slang som «oh my god», «bitch» og «I don’t know», men det blir òg snakka arabisk, fransk, kurdisk, somalisk, spansk, tysk og vietnamesisk, viser undersøkinga.

Bør tidleg inn

I undersøkinga, som er gjort blant elevar og lærarar på 5.– 6. og 9.– 10. årstrinnet over heile landet, seier elevane dessutan at dei ønskjer å kunne bruke andre språk enn norsk oftare i skulekvardagen. Det gjeld særleg elevane i femte- og sjetteklasse.

– Vi meiner dette bør få følgjer for læreplanane og kompetansemåla i framtida. Elevane i grunnskulen bør få undervisning i fleire språk enn norsk og engelsk tidlegare enn dei gjer i dag. Forskinga viser at det styrkjer den språklege læringsevna å ta i bruk fleire språk tidleg, seier Indrebø Ims. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...