Heim Nyhende Språkrekneskap i minus

Språkrekneskap i minus

Kjeldespråket og få nynorskjournalistar er mykje av grunnen til at det er vanskeleg for NRK å ha meir nynorsk i sin produksjon. Det sa kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas då han gjorde opp rekneskap for NRK under Dei nynorske festspela.

Berre omlag 7 prosent av journaliststudentane i dag er nynorskbrukarar, og det gjer rekrutteringa av nynorsksrpåklege tilsette vanskeleg, sa kringkastingssjefen. Men det største hinderet for meir nynorsk i NRK meinte han var kjeldespråket. Stadig fleire organisasjonar og institusjonar har profesjonelle informasjonsfolk som matar media med tekstar på bokmål som er haldne i det Bjerkaas kalla byråkratspråk. Kopla saman med kontinuerlege deadlinar og krav til hurtig produksjon blir det eit resultat som ikkje tener nynorsken.

Medietilsynet fører årleg tilsyn med NRK, og i ein nyleg framlagt rapport slår dei fast at NRK framleis ikkje leverer 25 prosent av sine sendingar på nynorsk. Dårlegast ut kjem barnekanalen NRK Super med berre 16 prosent av innhaldet på nynorsk. Berre radiokanalen P1 oppfyller krava med 26 prosent nynorsk.

NRK ønskjer no å gjere desse målingane på andre måter enn dei årlege, for i større grad å bruke desse som arbeidsreiskap undervegs. Målingane vil truleg skje oftare enn ein gong i året. Samstundes vil dei og auke til å omfatte NRK sine nettsider, kor ein per i dag ikkje målar delen nynorsk.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...