Heim Nyhende Språkrot i rutehefte

Språkrot i rutehefte

Kulturarbeidar Jens Brekke i Vik meiner det nye ruteheftet i Sogn og Fjordane er ei salig blanding av bokmål og nynorsk.

– Språket er det tydelegvis ingen som har brydd seg om. Det er for sløvt altså. Det byrjar flott med «Kjære kollektivbrukarar», deretter er det fullt med feil utover i heftet. Det er så vanvittig gale, seier Brekke til NRK Sogn og Fjordane.

Han har oppdaga mange feil i det nye ruteheftet som fylkeskommunen har sendt ut.

– Under båtruta til Bergen er det ei setning på nynorsk, medan den neste er på bokmål: «Ved høgtider og ferier kan det være begrenset kapasitet på medbrakt mengde gods». Ein stad står det «væratterhald», slår Brekke fast.

Han meiner fylkeskommunen burde kvalitetssikre språket sitt betre. Noko fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum, seier seg samd i.

– Jens Brekke har heilt rett, dette er ikkje bra, seier ho til NRK.

Bidraga i ruteheftet er sendt frå dei ulike transportselskapa til NHO Transport som igjen har sendt dei vidare til fylkeskommunen. No lovar Veum at ein skal skjerpe seg til neste år.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...