Heim Nyhende 149 postkontor kan bli lagde ned

149 postkontor kan bli lagde ned

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) seier endringa vil sikre likeverdig posttilbod i heile landet.

 

– Post i Butikk er eit godt tilbod som betrar tilkomsten til posttenester gjennom lengre opningstider. Kundeundersøkingar viser at kundar er nøgde med det, sa Kleppa da ho la fram stortingsmelding om Posten fredag.

Kleppa vil at det skal bli enklare for folk å hente pakkar, og foreslår derfor at det blir oppretta eigne utleveringsstader. Desse kjem i tillegg til vanlege ekspedisjonsstader og vil ikkje erstatte postkontor eller Post i Butikk.

Om lag tusen tilsette vil bli råka av nedleggingane.

– Målet vårt er at omstillingane skal bli gjennomførte utan oppseiingar. Regjeringa har lagt til grunn at Posten og Postkom skal bli samde om omstillingstiltak og tempo for omstillingane, seier forbundsleiar Odd Christian Øverland i Postkom.

Posten startar no arbeidet med å plukke ut kva for postkontor som skal bli lagde ned. Konsernsjef Dag Mejdell er nøgd med å få støtte frå samferdselsministeren.

– Eg ser det som ei erkjenning av Posten for vellukka omstillingar og ei god støtte til å halde fram arbeidet med å utvikle konsernet, seier han.

 

Fjernar bankplikt
I tillegg til omlegginga reduserer Kleppa plikta posten har når det gjeld banktenester. Heretter skal bankplikta berre gjelde landpostnettet.

Bakgrunnen er sterkt fall i etterspørselen etter slike tenester over skranke, forklarer Kleppa.

– Folk nyttar ikkje lenger banktenester i Posten på same måte som før. Det er derfor nødvendig å tilpasse drift til endra behov i samfunnet, seier ho.

Fagforeininga er skuffa og konstaterer at dei ikkje nådde gjennom med synet sitt om at bankplikta måtte halde fram.

– Vi har argumentert for å behalde bankplikta både av omsyn til ulike grupper av kundar og av omsyn til arbeidsplassane. Vi fekk ikkje gjennomslag for dette og må ta vedtaket frå regjeringa til etterretning. Dette er ein tung dag for medlemmene våre som jobbar ved postkontora, seier Øverland.

 

Held fram med laurdagspost
Kleppa understrekar at omlegginga er nødvendig for å behalde posttilbodet ein har i dag. Etter omlegginga vil nordmenn sitje igjen med 30 postkontor, mens det samla talet på postkontor og Post i Butikk skal vere minst 1.420.

– Lågare driftskostnader bidreg til at Posten får styrkt evna til å halde ved lag eit høgkvalitetstilbod over heile landet sjølv i ein marknad der brevvoluma fell endå meir enn forventa, seier samferdselsministeren.

Posten fekk ikkje gehør for forslaget sitt om å kutte brevomdeling på laurdagar. Det er ikkje unaturleg at Posten er meir utålmodig enn dei politiske styresmakter i omstillingsprosessar, kommenterer konsernsjefen.

– Den største utfordringa til Posten er den teknologiske utviklinga som fører til at bruken av posttenestene blir endra. Når mengda fysiske brev går ned blir det viktig for Posten å lykkast innan pakkedistribusjon og digital post, seier Mejdell.

Kravet til avkastninga for Posten blir redusert frå 10 til 9 prosent. Det er i tråd med krav som vert sett i andre statleg eigde selskap av tilsvarande karakter, opplyser Samferdselsdepartementet. Stortingsmeldinga presiserer at all verksemd utanfor den tradisjonelle postverksemda over tid skal bidra positivt til økonomien i selskapet.

– Det er viktig at Posten legg vekt på lønnsemd når ein skal gjere investeringar i verksemda utover kjerneverksemda, seier samferdselsministeren.

(NPK)

 

 

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...