Heim Nyhende Språkstrid på Rauland

Språkstrid på Rauland

Bør nettsidene til VisitRauland vere på nynorsk? Debatten går no friskt på nettstaden.

– Det er ei stor skam at Rauland Turist nyttar så å seie berre riksmål  på nett og i andre publikasjonar, skriv Vidar Ystad på nettstaden til VisitRauland.

Han legg også vekt på at Vinje kommune har nynorsk som administrasjonsspråk og stiller spørsmål om kva kommunen som storauksjonær i Rauland Turist meiner om språkvalet.

Stein Birger Johnsen er styremdlem i Rauland Turist AS og meiner noko av grunnen til at nettsidene vert redigerte på bokmål er mangel på kompetanse.

– Det viser seg å vere særs vanskeleg å rekruttere medarbeidarar og andre ressurspersonar til arbeid innan reiselivsnæringa i Rauland og Vinje. Me må bruke mykje tid og krefter til omsetjing dersom kommunikasjonen skal vere nynorsk, skriv han i eit debattinnlegg på nettsidene.

Han viser også til at dei fleste som gjestar nettsidene er frå utlandet eller bokmålsdominerte område og at ein difor nyttar bokmål for å nå desse gruppene. Johnsen lovar likevel at det iallefall ikkje skal bli mindre nynorsk på nettstaden.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...