Heim Nyhende Stadig fleire kommunar vil ta imot ekstra-flyktningar

Stadig fleire kommunar vil ta imot ekstra-flyktningar

Talet på ekstra kvoteflyktningar frå Syria som vert ønskte velkommen av norske kommunar, held fram med å auke. Det samla talet for 2015 og neste år er no 2.210.

 

Den siste oversikta frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet viste fredag ettermiddag at norske kommunar har sagt seg villige til å ta imot 1.240 ekstra flyktningar i år og 970 neste år.

Fristen for å gi ei tilbakemelding om dette var opphavleg sett til sist onsdag, men svara fortset å komme inn til departementet.

– Det er rundt 252 kommunar som har svart klokka 12 i dag, skriv departementet.

– Det står att å gjennomgå alle svara, heiter det vidare.

Mange kommunar har også bedt om å få utsett frist til å svare.

Stortingsfleirtalet ønskjer at Noreg skal ta imot inntil 10.000 ekstra kvoteflyktningar frå Syria dei neste to åra, men regjeringa stretar imot.

Partia på Stortinget innleidde 19. mai forhandlingar om talet på flyktningar og eventuelt andre, norske tiltak for å avhjelpe den desperate situasjonen for millionar av menneske som er drivne på flukt av borgarkrigen i Syria.

Utfordringa med å få busett flyktningane i norske kommunar står sentralt, og regjeringa har peikt på at over 5.000 flyktningar allereie ventar på busetjing i Noreg. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...