Heim Nyhende Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk forum.

– Det er svært gledeleg at dei raudgrøne partia ynskjer å få til eit nynorskløft i neste års budsjett, seier Olav Øyehaug Opsvik, sekretær i samarbeidsorganet i ei pressemelding.

Alle partia på raudgrøn side har lagt fram sine alternative budsjett og alle føreslår auka støtte til fleire nynorsktiltak. Forslaga vil vere viktige i dei komande forhandlingane med Arbeiderpartiet om det endelege statsbudsjettet.

Senterpartiet skriv i sitt alternative statsbudsjett: «Eit nynorskløft skal sikre at nynorsk språk og kultur får vekse og vere synleg i heile landet. Nynorsken er eit symbol på mangfald og sjølvråderett – og ein nøkkel til å forstå oss sjølve som nasjon.»

– Det er stort behov for eit nynorsk kulturløft, og Nynorsk forum har spelt inn ei omfattande liste over tiltak til familie- og kulturkomiteen, med forslag som vil styrkje kåra for nynorsken og nynorskbrukarane i Noreg. Denne lista har dei raudgrøne tydelegvis merka seg, seier Opsvik.

Dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker, er tydeleg på at fleire departement må ta ansvar for nynorsken.

– Alle offentlege organ har etter språklova eit ansvar for å fremja nynorsk. LNK har lenge arbeidd for at det skal koma fleire læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar. Det må bli lettare å driva opplæring på nynorsk for nye nordmenn, og det har store fordelar for integreringa. Me er svært glade for at Miljøpartiet Dei Grøne vil prioritera 10 millionar kroner til dette, og håpar at stortingsfleirtalet vil samla seg om ei auka støtte. Dette feltet har vore nedprioritert for lenge, og det er svært viktig for integreringa av innvandrarar i nynorskkommunane.

Senterpartiet vil auka støtta med: 
1 million til Det Norske Samlaget
1 million til Det Vestnorske Teatret
1 million til Noregs Mållag
1 million til Nynorsk kultursentrum
1 million til Teater Vestland
1,5 million til Jakob Sande – senter for forteljarkunst
1 million til tilskotsordningar for digitale læremiddel på nynorsk

Sosialistisk Venstreparti vil auka støtte med:
1 million til Noregs Mållag
1 million til Nynorsk kultursentrum
950.000 til Nynorsk bedriftsforum
3 millionar til Teater Vestland

Raudt vil auka støtta med:
5 millionar til Det Norske Samlaget til utvikling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur
1 million til Noregs Mållag

Miljøpartiet Dei Grøne vil auka støtta med:
10 millionar til å fremje nynorsk og dialekt i vaksenopplæringa for innvandrarar
10 millionar til Det Norske Teatret
3 millionar til Det Vestnorske Teatret
3,5 millionar til Det Norske Samlaget
1 million til Noregs Mållag

MDG skriv også i sitt alternative statsbudsjett: «Norge har også to offisielle skriftspråk, institusjoner og organisasjoner som jobber for en reell likestilling mellom nynorsk og bokmål må styrkes».

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...