I dag vitjar Jens Stoltenberg Hardanger for å diskutere kraftutbygginga.
Statsministeren skal innom kommunane Eidfjord, Ulvik, Granvin og Kvam, og skal blant anna ha eit møte med Hardangerrådet for å diskutere utbygginga frå Sima til Samnanger. Han skal også besøkje kraftverket i Sima der Stoltenberg skal få omvisning i anlegget og orientering om kraftbehovet i bergensregionen.
Statsministeren vitjar Hardanger saman med helse – og omsorgsminister Anne Grete Strøm-Erichsen og statssekretær Per Rune Henriksen i Olje – og energidepartementet.
Les også : Klar til å lenke seg fast og Når små kommunemus brøler.