Heim Nyhende Stedje fekk heiderspris

Stedje fekk heiderspris

Olav Stedje vart laurdag kveld tildelt Lutt sin aller første heiderspris under hyllestkonserten for den populære visesongaren frå Sogn og Fjordane.

 

– Då han gjekk til topps på Norsktoppen med «Ta Meg Med» i 1981, var han ein nasjonal sensasjon. 30 år etter er han like aktuell, like populær, like aktiv og like kompromisslaus på bruken av nynorsk og dialekt – sitt kjære sognamaol, skriv juryen i si grunngjeving for prisen.

Lutt er NRK Sogn og Fjordane si satsing på lokalmusikk med mellom anna radioprogram, nettside, konsertar, fylkestoppen og prisutdeling. Det er første gong Lutt sin heiderspris blei delt ut. Prisen skal gå til musikarar frå Sogn og Fjordane som over tid har vist kvalitet, nyskaping, speleglede og som har fått merksemd både lokalt og nasjonalt.

– I løpet av 30 år Olav Stedje gjeve ut 12 plater som har selt svært godt. Han har fått både spelemannspris, Medaaspris og fylkeskulturpris. Stedje har vore banebrytar for nynorsk og dialekt i Norsk musikk, og er blant dei som har lagt aller lengst på Norsktoppen med om lag 40 ulike låtar. Han har delteke i Grand Prix tre gonger, og har spelt ein enorm mengde konsertar over heile landet. Dette er ein heidersmann som verkeleg har fortent ein slik pris, seier Stian Sjursen Takle i Lutt-redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane.

Du kan lese meir om hyllestkonserten og heile grunngjevinga for prisutdelinga her.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...