Heim Nyhende Stem på verdas beste nynorske blogg!

Stem på verdas beste nynorske blogg!

Her er finalistane i kåringa av verdas beste nynorskblogg. No kan du vera med å stemma fram vinnaren!

 

Framtida.no, Noregs Mållag og Norsk Målungdom skal kåra verdas beste nynorske blogg. Over 100 forslag har kome inn. Juryen har presentert 38 nominerte bloggar gjennom året. Av desse har juryen samla seg som 12 finalistar som publikum no skal få stemma på.

– Me er imponert over nivået på mange av bloggarane, seier juryleiar Svein Olav B. Langåker, redaktør i Framtida.no. Kjartan Helleve frå Noregs Mållag og Synnøve Marie Sætre frå Norsk Målungdom sit òg i juryen.

Fristen for å stemma er 14. februar.

– Me håpar publikum engasjerer seg, og stemmer på den bloggen dei synest fortener å vinna, seier Synnøve Marie Sætre.

Avstemminga tel 60 prosent av resultatet. Etter avstemminga vil juryen samlast igjen og kåra ein vinnar.
 

Her er finalistane:

3visekvinner.blogspot.no
Mange bibliotek skaffar seg ein blogg for å bli meir synlege, men utan å heilt vite kva den skal fyllast med. Det er ikkje eit problem her. Den er skrive med ein slik entusiasme for bøker, bibliotek og eigen arbeidsplass, at ein lurer på om ein ikkje burde byte yrke snart.

Type: Litteraturblogg
Bloggarar:
Rita Mundal, Merete Byrøygard og Torill Iversen, alle tilsette på folkebiblioteket i Lom.
Les intervju her!

ainabasso.blogspot.no
Aina Basso skriv godt og personleg om livet som forfattar og om aktuelle tema innanfor litteraturen.

Type: Forfattarblogg
Bloggar:
Aina Basso
Les intervju her!

altgodt.no
Mellom dei beste mat-bloggane i landet. Akkurat nok innslag av privatliv til at det ikkje blir statisk, men fyrst og fremst klår og presis i skrift og oppskrift. Uråd å ikkje bli svolten av å lese den.

Type: Matblogg
Bloggar:
Gunda Djupvik
Les intervju her!

hjartesmil.com
Med Hjartesmil viser Mariell Øyre ei verd alle kan drøyma seg vekk i. Bilda, maten, menneska, dei små personlege historiene – ein kan bli forelska av mindre! Ein blogg av eit internasjonalt format!

Type: Foto- og kvardagsblogg
Bloggar:
Mariell Øyre
Les intervju her!

kjellaren.trykker.com
Når gjennomsnittslengda på innlegga om lokale bridgeturneringar er om lag 2500 ord og illustrasjonar er ikkje-eksisterande, så er ikkje dette bloggen ein er nett svippar innom. Men om ein tek seg tid til å lese innlegga, finn ein av dei beste skribentane i landet. Uansett sjanger.

Type: Bridgeblogg
Bloggar:
Erlend Skjetne
Les intervju her!

kvardagsmat.no
Ein framifrå matblogg med enkle, gode oppskrifter. Bileta er snop for augene og kven som helst får lyst til å ta fatt på matlaginga.

Type: Matblogg
Bloggar:
Anita Stokke Blomvik
Les intervju her!

plantebrygg.wordpress.com
Teverda opnar seg og det er mest som ein kjenner angen av nybrygga kvalitetste. Te er ikkje lenger berre te, men ein eigen vitskap. Som ein bonus får ein gode boktips og vakre glimt av kvardag.

Type: Teblogg
Bloggar:
Janne Nygård
Les intervju her!

popsikkel.wordpress.com
Herleg skarp tone i innlegga, som skyt mange vegar, helst med utgangspunkt i populærkulturen. Ammetåka har lagt seg over innhaldet, men pennen er like kvass. Pluss for gode bilettekstar.

Type: Kvardagsblogg, frå popkultur til ammetåke
Bloggar:
Anne Gunn Halvorsen og Kine Lie Solberg.
Les intervju her!

skattar.blogspot.no
Ingvild Eskeland boblar over av kreative prosjekt på bloggen Skattar. Ein av dei mest inspirerande me kjenner til! Her får du tips om alt ifrå korleis du lagar pølser, sjokoladetrøflar og julepynt til korleis du kan gi nytt liv til gamal ull.

Type: Inspirasjonsblogg
Bloggar:
Ingvild Eskeland
Les intervju her!

susmumrik.com
Skarpt og godt om stort og smått. Klår tale frå feminist med stødig penn.

Type: Fagprat og feminisme
Bloggar:
Susanne Myklebust Egset
Les intervju her!

Tyrkiskpolitikk.no
Morten Myksvoll oppdaterer med siste nytt om politikken i det tredje mest folkerike landet i NATO. Han skriv med stor innsikt og oversikt i det som må vera ein av dei beste utanrikspolitiske bloggane i landet.

Type: Politisk blogg
Bloggar:
Morten Myksvoll
Les intervju her!

utetid.net
Ei ordentleg inspirasjonskjelde for alle som ynskjer meir utetid og mindre skjermtid. Her finn ein gode tips til både turar, turmat og turutstyr og dørstokkmila vert betrakteleg mykje kortare.

Type: Inspirasjons- og friluftslivsblogg
Bloggar:
Ingebjørg Nondal
Les intervju!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...