Heim Nyhende Sterk opning for Hauge-senteret og Ulvik poesifestival

Sterk opning for Hauge-senteret og Ulvik poesifestival

Over 4400 gjester i opningshelga.

Meir enn 4400 var med på opninga av Olav Hauge-senteret og arrangementa under Ulvik poesifestival i Ulvik denne helga.

– Eit betre grunnlag kunne ikkje dette nye nasjonale senteret for lyrikk i mange former ha fått, og desse dagane syner korleis Hauge-senteret og Ulvik poesifestival styrkjer kvarandre, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

– Vi meinte vi hadde eit godt program, men vi ante ikkje at publikum ville ta det så godt imot.

For første gong blei Ulvik poesifestival arrangert i regi av Olav H. Hauge-senteret. Temaet «Grøn poesi» var inngangen til mange minnerike litterære samtalar, lesingar og konsertar som Øyvind Rimbereid og Nils Henrik Asheim avslutta med «Orgelsjøen» med i ei fullsett kyrkje søndag ettermiddag, seier dagleg leiar Geir S. Netland.

Billettsal 32 % over budsjett

Førebels tal syner at Ulvik poesifestival selde billettar for 341 000 kr. Det er 36 % meir enn budsjettet på 250 000 kr. – Dei som bygde opp denne festivalen frå 2000, greidde å gjere den til ein festival som bygdefolket bruker og er stolte av. Det imponerer å sjå kor mange som kom på dei mest ulike arrangementa, tidleg på dag og seint på kveld, seier Netland.

I dag sender han og medarbeidarane ved Hauge-senteret ein varm takk til publikum, frivillige og 130 utøvarar. Dei kunstnarlege høgdepunkta stod i kø, og mange reiste frå Ulvik denne helga med gode opplevingar i bagasjen, seier Geir S. Netland.      

Førebels rekneskap for Ulvik poesifestival ligg føre i desember.

QUIZ: Kva veit du om Olav H. Hauge?

Gjestene liker basisutstillinga

Om lag 750 var med på opninga av Hauge-senteret torsdag, og Ulvik poesifestival med sine 27 arrangement samla nær 3700 gjester frå fredag til søndag. Nynorsk kultursentrum hadde rekna med om lag 2500 gjester desse dagane, men det kom 75 % fleire.

– Gjestene skryter av basisutstillinga i Hauge-senteret  og seier den er så innhaldsrik at dei må tilbake fleire gonger for å få med seg alt. Då har vi oppnådd det vi ville, seier Ottar Grepstad. – Vi lagar utstillingar som inviterer gjestene til å vere aktive, er analoge der vi kan og digitale berre der vi må, og det har mange takka oss for desse opningsdagane.

Olav H. Hauge-senteret er ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum og har ope fem dagar i veker heile året.

– No ser offentlege og private finansieringskjelder kva Hauge-senteret står for, og kva publikum meiner om det vi gjer. Det må vere ein god søknad for å sikre driftsgrunnlaget i åra som kjem, seier Ottar Grepstad.

LES OGSÅ: Håpar diktarånda får leva i Hauge-senteret

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...