Heim Nyhende Sterke reaksjonar på forslag om lærarkåring

Sterke reaksjonar på forslag om lærarkåring

Bergen kommune foreslår å la elevane kåre «årets lærar» i Bergen, men både rektorar, lærarar og elevorganisasjonen vender tommelen ned.

Kommunen inviterer Utdanningsforbundet, Norsk Skuleleiarforbund og ungdommens bystyre til valkomiteen for ei kåring av «årets lærar» i ungdomsskulen i Bergen. Premien skal vera eit studiestipend, men leiaren i Utdanningsforbundet i Bergen, Grete Ingebrigtsen, er ikkje nådig.

– Det er grunn til å tru at lærarar og skoleleiarar vil motta dette som ein dårleg spøk i beste fall, ein god del vil bli sinte, seier Ingebrigtsen til Bergens Tidende.

Ho avviser at kåringa vil bidra til å motivere lærarane, og varslar at forbundet ikkje vil vera med i nokon jury.

– Det finst så vidt vi veit ingen dokumentasjon på at tiltak som dette har nokon som helst positiv verknad på den jobben lærarane utfører. Lærarane våre ønskjer heller ikkje å bli gjenstand for ukvalifisert synsing frå elevane, seier ho.

– Vi kan ikkje sjå at elevråda har kompetanse til å vurdere lærarar på denne måten. I verste fall kan dette bli show og synsing, seier Per Moland, leiar for Norsk Skolelederforbund i Bergen.

Heller ikkje representantane for elevane er positive.

– Det er ikkje lett å plukke ut dei beste lærarane, og eg veit ikkje heilt kva ein ønskjer å oppnå med dette, seier leiar Ingrid Liland i Elevorganisasjonen.

Skulebyråd Filip Rygg (KrF) seier at forslaget ikkje er politisk behandla.

– Forslaget kom frå ein lektor. Vi ønskjer å drøfte det og har derfor invitert til eit møte, seier Rygg. (©NPK)

 

Førre artikkelUng og historisk
Neste artikkelFrustrert over nissestempel

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...