Heim Nyhende Stor tru på ny språklæringsmetode

Stor tru på ny språklæringsmetode

Milliardinvestor har stor tru på ein ny språklæringsmetode utvikla i Sandane.

– Me trur det er noko som kjem til å bli distribuert ganske raskt. Me trur også det kjem til å bli nettbasert, seier milliardær og investor Johan H. Andersen til NRK.

Han er ein av dei som har hjelpt grûnder Heidi Aabrekk og selskapet hennar Intempo med pengar og meiner metoden har internasjonalt potensial.

Aabrekk er utdanna spesialpedagog og utvikla metoden då ho fekk ein son med hjerneskadar. Ved å starta tidleg med teknikkar for å stimulera hjernen har ho klart å læra guten sin ting ingen trudde han skulle læra.

Etter at ho utvikla den såkalla Bravoleiken, etablert ho for seks år sidan sitt eige firma med eigne pedagogar som tilbyr opplæring for foreldre og barnehagar over heile landet. Til no har 120 barnehagar teke i bruk metoden.

– Det har eit stort potensial, me kan gå internasjonalt. Men det aller, aller største potensialet ligg hjå ungane som me kan hjelpa til å unngå lese- og skrivevanskar. Det er altfor mange som slit med slike vanskar i dag, seier Heidi Aabrekk. (NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...