Heim Nyhende Større kommunar skal få meir å gjere

Større kommunar skal få meir å gjere

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) vil gje kommunane meir makt. No skal dei få ansvar for tenner og hjelpemiddel.

 

– Med større kommunar må det bli mindre statleg detaljstyring. Det har vore ein viktig premiss, både frå ekspertgruppa og frå KS, seier Sanner til NTB.

Regjeringa la fredag fram stortingsmeldinga om kva for oppgåver som kan flyttast til kommunane i samband med kommunereforma.

Sanner vil blant anna gje kommunane ansvaret for tannhelse, rehabilitering og hjelpemiddel.

– Tannhelse er eit godt eksempel på kva vi ønskjer å oppnå, nemleg at kommunane skal tilby eit meir heilskapleg tilbod, seier kommunalministeren.

Test deg sjølv: Kva slagord har kommunen?

Sterkare lokalsamfunn
Statsminister Erna Solberg (H) seier at det handlar om betre velferd og levande lokalsamfunn.

– Dette vil vere den største samla flyttinga av oppgåver til kommunane nokosinne. Vi ønskjer sterkare lokalsamfunn og kommunar med fleire oppgåver som kan gje innbyggjarane betre tenester. Innbyggjarane får best hjelp når kommunane kan sjå heilskapen i behovet, seier statsministeren i samband med framlegginga av forslaget til regjeringa.

Spreie makt
For Sanner er maktspreiing ein hovudingrediens i heile reforma.

– Dei siste tiåra har den statlege styringa gradvis vorte meir detaljert. Mange lokalpolitikarar føler dei har svært lite handlingsrom. Vi gir no kommunane fleire oppgåver. Det inneber at vi spreier makt, seier han til NTB.

Blant anna vil regjeringa gje kommunane meir å seie i reguleringssaker og forenkle og redusere klagetilgangen.

– I tillegg skal vi gå gjennom all statleg detaljstyring med tanke på å gje kommunane meir handlingsfridom. Denne gjennomgangen skal leggjast fram for Stortinget våren 2017, seier Sanner.

LES OGSÅ: NHO: 100 kommunar er realistisk

– Romantisk Vedum
Kommunal- og moderniseringsministeren fnyser av Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum, som i eit intervju med NTB i forkant av landsmøtet denne helga viste til ei undersøking som fortel at folk i små kommunar er meir nøgde med tenestetilbodet enn folk i større kommunar.

– Det relevante i den undersøkinga er ikkje storleiken, men økonomien til kommunane. For oss er oppgåva å lage sterke fagmiljø innan barnevern, PPT, eldreomsorg og så vidare. Vedums romantiske draum om å behalde ein kommunestruktur frå 1965 er derimot oppskrifta på framleis sentralisert makt i Noreg, seier Sanner.

Tre nivå
Det blir no opp til Stortinget å ta meldinga om oppgåvefordeling vidare. Sanner seier han håpar på ein konklusjon allereie før sommaren.

– Eg ønskjer eit så breitt samarbeid som mogleg. Regjeringa har ein særleg skyldnad overfor KrF og Venstre, og det er jo i samarbeid med dei at regjeringa har konkludert med at det framleis skal vere tre forvaltningsnivå i Noreg, seier Sanner.

I meldinga som vart lagt fram fredag, oppfordrar regjeringa til naboprat også fylka imellom.

– Vi må sjå på kva for oppgåver fylka treng for å kunne vere ein god samfunnsutviklar og danne sterke regionar, sa Sanner til NTB torsdag. Han vil likevel ikkje talfeste kor mange som minimum bør bu i fylka eller regionane i framtida. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...