Heim Nyhende Støttar nynorsk i staten

Støttar nynorsk i staten

Sentralstyremedlem i Høgre, Arne Hjeltnes , vil kjempe mot programkomiteen sitt forslag om å endre mållova. Med seg på det får han fleire Høgre-ordførarar. 

 

– Eg er mot, seier Arne Hjeltnes til Framtida.no om forslaget frå hans eige parti om å endre mållova slik at tilsette i staten sjølv kan velje målform dei ynskjer å bruke.  

Les også: – Tilsette i staten bør sleppe å bruke nynorsk 

– Det er eit typisk forslag som kjem opp frå folk som trur dei vil gjera seg endå meir populære. Eg håpar folk tar til vitet. Eg vil argumentera mot forslaget, og håpar det ikkje blir noko av, seier Hjeltnes vidare.

Han får støtte frå fleire Høgre-ordførarar. 

Ordførar i Aurland Noralv Distad skal sjølv delta på landsmøtet til våren. Han meiner det er naturleg for innbyggjarane å få svar frå staten på den målforma dei bruker.

– Eg trur at nynorsken vil overleva på grunn av sine eigne kvalitetar, og ikkje reguleringar. Men uansett synest eg det er god folkeskikk å svara på den målforma ein får spørsmål på, seier han til nettavisa Framtida.

Bjørn Sandnes, ordførar i Haram, er skeptisk til forslaget til programkomiteen.

– Konsekvensen av dette vil bli at det blir mindre nynorsk, seier han.

Både lnk.no og LNK-avisa kjem attende med fleire kommentarar til utspelet frå Høgre. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...