Heim Nyhende Superhelten ingeniør Knut Berg fyller 75 år

Superhelten ingeniør Knut Berg fyller 75 år

Den nynorske sci-fi-klassikaren er framleis til inspirasjon.

 

«Ein gong i tida var ingeniørane superheltar. Den fremste av dei alle heitte Knut Berg».Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Ingeniør Knut Berg på eventyr, som kom ut første gong i 1941 i Nynorsk Vekeblad, er truleg den første nordiske sci-fi-teikneserien.

Serien startar med at Knut Berg, etter å ha fullført eit jernbaneprosjekt i India, møter ei ung kvinne, som viser seg å vera prinsesse Aima av Kalimanko. Ho kjem frå det skjulte landet i det indre av Asia, bak uutforska junglar der dinosaurar og apemenneske har overlevd. I Kalimanko styrer kvinnene. Dei gjorde statskupp for 150 år sidan, og etter det har landet på fredeleg vis utvikla ein teknologisk og kulturell sivilisasjon langt framfor resten av verda.

Den vonde Dr. Panga vil ta makta i landet Kalimanko, men møter motstand frå Knut Berg og prinsesse Aima står i vegen for han. Helten og hovudpersonen dreg saman med gode hjelparar rundt i heimsrommet – eller verdsrommet som me kallar det i dag.

Illustrasjon: Fonna Forlag

Knut Berg kvar er du?
«Det ser mørkt ut. Me treng ein som kan hjelpa oss. Inspirera oss. Ingeniør Knut Berg, kvar er du?» spurte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Morgenbladet i fjor.

«Viss du er opptatt av å redda verda, så er det heilt greitt å melda seg inn i ein organisasjon og aksjonera og samla underskrifter, men viss du verkeleg vil gjera noko, så skal du ta ei utdanning og bli ein del av løysinga», heldt Røe Isaksen fram.

– Det er som om eg skulle ha sagt det sjølv! seier Christoffer Vikebø Nesse, leiar i studentutvalet til Tekna og maskiningeniør ved NTNU i Trondheim.

– Eg trur det er mange realfagshelter der ute, men me kan bli flinkare til å løfta dei fram, seier han.

– Ein superhelt er jo ikkje framand for å redde dagen, og forhindre store katastrofer. For mange er ein dag utan straum, internett eller praktiske duppedingsar katastrofe. Dei som har laga teknologien me er heilt avhengig av er i alle fall kvardagsheltar.

– Har me nokon ingeniørar som superheltar i dag?

– Det er mange kvardagsheltar! Ferskast i rekka er kanskje gjengen frå reMarkable. Eg har lese alt for lite Knut Berg sjølv, men etter det eg forstår er han eventyrlysten. Ein slags ingeniøranes Indiana Jones. Elon Musk (mannen bak PayPal, Tesla og SpaceX) er kanskje den fremste superhelten akkurat no.

– Kva for store utfordringar for verda vår er det me treng ingeniørar som Knut Berg til å løysa?

– Er det i det heile tatt nokre utfordringar me ikkje treng ingeniørar som Knut og Kari Berg for å løyse? Eventyrlysten som Knut er, har han sikkert alt vore både på toppen av Olympus Mons på Mars og på botnen av Marianegropa her på jorda. I tillegg til utfordringar knytt til energi, klima, større og eldre befolkning og mat, så treng me ingeniørar for å utforska og utnytta hav- og verdsrommet best mogleg!

LES OGSÅ: Superheltar tar heilt av


Illustrasjon: Fonna Forlag 

Aldri ei jul utan ingeniør Knut Berg
Historiane om ingeniør Knut Berg blir utgjeve som julehefte av Fonna Forlag. Først eit feila prøveår i 1986, og så ein periode frå 2000 til 2005. Frå 2007-2009 kom det nye historier om ingeniøren, no med manus av Jon Bing og Tor-Åge Bringsværd, med den tidlegare Fantomet-teiknaren Knut Westad for streken.

Etter dette har forlaget gjeve ut dei gamle historiene igjen.

Juleheftet med ingeniør Knut Berg i 2016 er opptrykk av nummer 4, 1946, med fem sider frå 1945-heftet. Knut Berg, prinsesse Aima og munken Tala er på veg gjennom urskog, fjell, øyde stepper og over hav mot landet Kalimanko. I helane på dei er kjeltringane Toron og dr. Panga; begge på jakt etter den blå diamanten.

Det er totalt laga 16 hefter om ingeniør Knut Berg.

LES OGSÅ: Olav Thon blir inspirert av Vangsgutane

Opplesing på julaftan
Direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Atle Hamar (bildet), sender kvart år ut 40 eksemplar til samarbeidspartnarar gjennom jobben.

– Eg synest det er ein fantastisk teikneserie, seier han. Folka han sender til har ei stor forventing til hefta han sender. Mellom dei er regjeringsadvokat Fredrik Sejersted, som er ein lidenskapleg teikneseriesamlar.

– Tidlegare justisminister Odd Einar Dørum sparar alltid Knut Berg til opplesing på julaftan. Det gjer eg òg, avslører Atle Hamar.

Han vaks opp med omsette bøker som Den siste mohikanarpå Fonna Forlag.

Sjølv om det er kjekt å mimra, så understrekar Atle Hamar at dei er opptatt av å arbeida med modernisering i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

– Me ser framover – i tradisjonen etter Knut Berg.

LES OGSÅ: Tilgangen til nynorske teikneseriar er betre enn nokon gong

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...