Heim Nyhende – Viser kor sterke me er saman for nynorsken

– Viser kor sterke me er saman for nynorsken

Leiaren i Målungdommen meiner det er mykje å gle seg over for nynorsken i 2016. Men Synnøve Marie Sætre har òg blitt sjokka og djupt skuffa.

 

– Kva har gledd deg mest i 2016?

– Det gler meg at så mange engasjerer seg for språk og gjer det dei kan når noko står på spel. I høyringsrundane om Vestlandsregionen såg me kor sterke me er når me står saman for nynorsken. Det må òg nemnast at i år gjekk talet på nynorskelevar opp, og Stortinget vedtok å greie ut om retten til opplæring på eige språk skal utvidast til også å gjelde elevar i ungdomsskulen. Attpåtil kan eg melde om medlemsvekst i Målungdomen, så det er mykje å gle seg over!

– Kva har skuffa deg mest i 2016?

– Det er lenge sidan eg har vore like skuffa som då intensjonsavtalen om Vestlandsregionen vart laga. Det var beint fram sjokkerande at politikarane ikkje tok ansvar for nynorsken frå fyrste stund. Eg vart òg både skuffa og rasande då eg fekk høyre at ei veninne av meg vart spotta på trikken berre fordi ho hadde eit jakkemerke med «Eg <3 nynorsk» på. Slike hendingar syner kvifor det er viktig at me engasjerer oss for språket vårt, og med vonbrot og sinne kjem òg pågangsmot.

– Kva er det største ønsket ditt for 2017?

– Eg ynskjer meg meir språkleg toleranse og medvit. Eg ynskjer meg at alle skal få snakke og skrive som dei vil utan å verte utsette for negative ytringar om språket deira, og eg ynskjer meg fleire gode politiske vedtak som styrkjer språkmangfaldet vårt.

– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– Knutar av Gunnhild Øyehaug. Ei tynn og lita bok, men ei stor lesaroppleving. Her får du mykje att for innsatsen! Gunnhild Øyehaug har skrive 22 noveller om relasjonelle band i ei god blanding av det sanselege og surrealistiske, og det heile er pakka inn i ei glimrande språkdrakt.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...