Heim Nyhende Ruth Lillegraven klyp seg i armen

Ruth Lillegraven klyp seg i armen

Ho skreiv sine første dikt som 26-åring. I dag er ho forfattar på fulltid og ein av dei fremste poetane i landet. Møt Ruth Lillegraven!

Berre eitt år etter at Ruth Lillegraven debuterte med Store stygge dikt i 2005, blei diktet «Haust i Hardanger» gitt som oppgåve på norskeksamen. Det heldt på å øydeleggja karrieren til ein ambisiøs avgangselev som prøvde seg på ein Lillegraven-analyse.

– Eg fekk plutseleg ein telefon frå faren, som var heilt fortvila. Dottera hadde berre 6-arar og skulle inn på legestudiet, men hadde stroke på eksamen. Han lurte på om eg kunne sjå på det ho hadde skrive, fortel forfattaren.

Då ho las gjennom eksamenssvaret, såg ho at eleven hadde strekt godt i diktet.

– Ho hadde overanalysert til dei grader. Det er eigentleg eit enkelt, men litt langt dikt som handlar om haust i Hardanger, i overført og konkret tyding, men ho hadde fått det til å handla om i-land og u-land og alt mogleg, slik eg hugsar det.

Av og til er ein haust i Hardanger berre ein haust i Hardanger, meiner Lillegraven.

– Det er ikkje alltid det er ei dobbel og trippel tyding. Dikta mine er ikkje så veldig kompliserte, eigentleg; i alle fall synest ikkje eg det.

Intenst år
Korleis det gjekk med eleven etter at ho sendte klage på strykkarakteren – med brev frå forfattaren vedlagt – skal me avsløra til sist i artikkelen. Først må me sjå litt tilbake på året Lillegraven no legg bak seg:

I haust kom den første diktboka hennar for barn, Eg er eg er eg er, som raskt blei nominert til Brageprisen. Sigd, ei diktbok for vaksne som kom ut om lag samstundes, er trekt fram som ei av årets bøker av litteraturkritikarane og Ark. Denne boka er det også blitt poesikonsertar av, og nyleg blei det klart at rettane til boka er selde til eit stort indisk forlag, som skal gi henne ut på engelsk.

På toppen av bokprosjekta kjem alle festivalane og tilskipingane forfattaren fartar rundt på – ikkje minst Dei nynorske festspela, der ho i år var festspeldiktar. Heilt sidan ho vann Brageprisen 2013 for Urd, har invitasjonane rent inn.

– Det har vore eit intenst år, seier Lillegraven, som i fjor blei forfattar på fulltid.

Les om heideren til Eg er eg er eg er: Ruth Lillegraven nominert til Brageprisen

Byrja seint
– Føler du at du lever ut draumen no?

– Det har vore så travelt at eg har ikkje hatt så mykje tid til å filosofera over det. Eg tenkjer meir på akkurat det eg til ei kvar tid skal gjere. Eg går ikkje rundt og svever på ei rosa sky. Men det hender eg må klypa meg i armen og minna meg sjølv om kor privilegert eg er, seier Lillegraven.

Å bli forfattar var eigentleg aldri den store draumen for jenta som vaks opp som næraste nabo til ein gravplass i Granvin, inst i Hardanger.

– Eg trur knapt eg hadde skrive eit dikt før eg byrja på ordentleg som 26-åring. Jo, eg skreiv eitt dikt til ein konkurranse, som eg ikkje kom nokon veg med; eg ville berre vinna premien. Til forskjell frå «alle» andre forfattarar, så har eg ikkje «alltid» skrive. Men i dag kan eg ikkje skjøna korleis eg har levd og eksistert utan å ha skrivinga som ein del av meg.

Les om heideren til Eg er eg er eg er: Ruth Lillegraven nominert til Brageprisen

Taleskrivaren
Lillegraven har heller ikkje gått nokon sjølvsagt veg mot diktaryrket. I staden for språk og litteratur ved eit fint universitet, har ho studert marknadsføring og informasjon på NMH/BI. Fram til i fjor jobba ho i åtte år som taleskrivar i Samferdsledepartementet.

– Kva er eigentleg skilnaden mellom å skriva talar og dikt?

– Den er jo kjempestor på alle moglege måtar. Begge delar inneber eit visst element av historieforteljing, det er vel det som er felles, seier Lillegraven.

Dei første åra skreiv ho manus for tre sterke Senterparti-damer: Marit Arnstad, Magnhild Meltveit Kleppa og Liv Signe Navarsete. Men så, etter regjeringsskiftet, kom det inn ein Frp-mann som likte best å snakka fritt.

– Han trong mest nokon til å oppdatera powerpointar og sånt, og det var eg ikkje så god til, eigentleg. Ikkje alle likar å snakka etter manus, og det kan eg jo forstå, seier Lillegraven om samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

Noko har toppolitikarane likevel felles:

– Alle statsrådar har ei sterk vilje, og er medvitne om kva dei vil ha fram. Ein veit kva dei vil seia viss ein er ein god taleskrivar.

Les om då diktaren tok over Instagram- og Twitter-kontoen til Mette-Marit: Ruth Lillegraven var kongeleg togskald

Maskedikt
Her er kanskje eit anna punkt der diktaren og taleskrivaren møtest. Både Eg er eg er eg er og Sigd er forteljande diktsamlingar om ein eg-person som er ulik forfattaren sjølv: I den eine boka ei ung jente som me følgjer gjennom vår, sommar, haust og vinter; i den andre ein ung, vestlandsk odelsgut på 1800-talet.

«Maskedikt», kalla Per Olav Kaldestad det under Falturiltu-seminaret på Stord: Dikt der du tar på deg maska til ein annan person.

– Er ikkje det litt det same du gjer når du skriv talar for andre?

– Det har eg ikkje tenkt på, men ja. Særleg i dei tre-fire siste bøkene mine har eg gått veldig inn i ein eg-person. Eg har kanskje fått ei viss trening i det gjennom jobben, seier Lillegraven.

Les meir om samtalen mellom Lillegraven og Kaldestad på Falturiltu: – Poesi er jo verkelegheitslitteratur

Stolte på sin eigen indre 10-åring
Som med all den beste barnelitteraturen, har Eg er eg er eg er vist seg å ha appell til lesarar i alle aldrar. Vår meldar skreiv tidlegare i haust at det er «dikt for heile livet».

– Eg er eigentleg overraska over kor mykje vaksne får ut av det. Eg håper berre også ungane les og likar boka, for det er eigentleg dei eg har skrive henne for, seier Lillegraven.

Ho er samstundes medviten om at ho ikkje kan treffa alle, og at ikkje alle får det same ut av dikta hennar. For anten ein les eller skriv, er dikt ein personleg sjanger.

– Eit dikt kan vera kva som helst; du kan leggja kva du vil inn i det. Det er ein stor fridom i den sjangeren. Difor er det på ein måte synd med den diktanalysen – ein slags fasit – som blir tredd nedover folk.

Les også: – Det er ikkje rart dikt blir ei framand form for oss når ein jobbar mest med diktanalyse i skulen, seier idrettspoet Endre Ruset

– Ta kontakt!
Ja, apropos det. Korleis gjekk det til slutt med eleven som strauk på eksamen etter å ha analysert «Haust i Hardanger»?

– Faren kontakta meg og fortalte at takka vera meg fekk ho sett opp karakteren til 3 etter å ha klaga, fortel Lillegraven.

Eleven hadde trass alt viste at ho hadde lese diktet og kunne argumentera for seg, meinte Lillegraven, og kunne ikkje forstå at svaret skulle stå til stryk.

– Nokre år seinare fekk eg eit postkort frå eleven, der ho takka og fortalte at ho hadde byrja på legestudiet. Men eg har mista kortet, og gløymt kva ho heiter, så eg har ikkje fått svart henne. Det er litt dumt, eigentleg, seier Lillegraven, som sluttar med ei etterlysing:

– Ta kontakt!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...