Heim Nyhende SV svarar om språk

SV svarar om språk

Fram mot valet spør LNK partia kva dei vil med det norske språket og nynorsken. Først ute er partileiar for SV, Kristin Halvorsen.

Kva vil ditt parti gjere med nynorsken? SV vil arbeide for fleire nynorskbøker for førskuleborn og styrkje nynorskopplæringa både som hovud- og sidemål. SV vil òg, i tråd med mållova, styrkje stillinga nynorsken har i det offentlege. SV sluttar opp om arbeidet med ein norsk språkbank. Tilskotsordninga til norskspråklege lærebøker for høgare utdanning må utvidast kraftig. Nynorskspråklege studentar skal ha rett til å få eksamensoppgåver på nynorsk på alle utdanningsinstitusjonar.

 

Kva er partiet ditt si haldning til sidemål? Likestilling mellom målformene nynorsk og bokmål er eit viktig prinsipp, som må gjelde for alle område i det moderne medie- og teknologisamfunnet vårt.

Vil ditt parti styrke nynorsk opplæring for innvandrarar? For å sikre sosial og kulturell integrering av minoritetsspråklege i nynorskområde må det bli utvikla fleire og betre læremiddel på nynorsk for desse. SV er det einaste stortingspartiet som har programfesta dette. Eit særleg viktig tiltak for vidare styrking av nynorsk er eit allment leksikon på nynorsk på internett.

Kva meiner ditt parti må gjerast for at skulebøker skal liggje føre på båe målformer til same tid og til same pris? Læremiddel, både bøker og dataprogram, skal liggje føre på båe målformer. Forlaga må bli sanksjonerte dersom nynorske læremiddel kjem seinare enn boksmålsversjonen. I denne perioden har vi gjennomført fleire tiltak, som til dømes å løyve fleire millionar ekstra til parallellproduksjon og å fylgje opp lærebokinnkjøparane mykje tettare enn før.

Finst programmet til ditt parti på nynorsk? Programmet vårt finst på nynorsk og bokmål både på nett og papir. Det har så vidt eg veit alltid vore slik at vi har laga program på båe målformer. Alt valmaterialet til SV er på båe målformer. Vi gjer det slik fordi bokmål og nynorsk skal vere likestilte.

Er nettsida dykkar på nynorsk? Nettsidene våre omfattar fleire tusen sider. Vi har sentrale sider, alle fylka har sine sider og mange lokallag har sider. Det er truleg meir enn 100 nettskribentar totalt. Difor varierer målforma utifrå kven som skriv. På  dei sentrale sidene til SV er det mest bokmål, men på sidene til Sogn og Fjordane til dømes er det meste på nynorsk. I tillegg er det verdt å nemne at så mange som ein tredel av fyrstekandidatane våre har nynorsk som sitt hovudmål, og at mange av desse er aktive bloggarar.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...