Heim Nyhende SV vil ha femåringar på skulebenken

SV vil ha femåringar på skulebenken

Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell (SV) vil ha obligatorisk, gratis førskule for alle femåringar.
– Vi har undervurdert gleda ungane har ved å lære. Denne reforma vil gi alle femåringar moglegheita til å bryne seg på grunnleggjande omgrep, tal og sosiale ferdigheiter, seier kunnskapsministeren til Dagbladet.

Tilbodet skal bli gitt i barnehagen og vere på minst 12 timar i veka heile året før dei byrjar i grunnskulen.

– Eg har tenkt mykje på korleis vi bør utforme dette tilbodet, men eg er open for å diskutere andre løysingar. Eg ser fram til ein debatt om korleis vil skal gi barna best mogleg start på læring og utvikling, seier Solhjell.

Bakgrunnen for forslaget er at altfor mange barn går ut av skulen utan grunnleggjande kunnskapar. Førskule vil gjere det lettare å fange opp lærevanskar enn i dag.

Ein bieffekt av forslaget er at barnehageplassen for femåringar blir langt billegare for foreldra enn i dag. Departementet anslår at det vil koste om lag 600 millionar kroner for 12 timars førskule. Om SV får gjennomslag for 20 timar i veka, vil barnehagesatsane bli halvert for femåringane. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...