Heim Nyhende Talet på kommunalt tilsette veks

Talet på kommunalt tilsette veks

Kommunane hadde meir enn 466.000 sysselsette på tampen av 2013.

 

Dette er ein auke på 1,2 prosent eller 5.400 personar frå 2012, syner ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.

Så mange som 43 prosent av alle kommunalt sysselsette jobbar i kommunale helse- og sosialtenestene, noko som utgjer 155.500 årsverk. Frå 2012 hadde denne sektoren ein auke i avtalte årsverk på 1,7 prosent og nærmare 2.700 årsverk. For dei andre kommunale områda har det berre vore mindre endringar i talet på årsverk i den same perioden.

Nær 71 prosent av dei avtalte årsverka i pleie og omsorg vart utførte av personell med helse- og sosialfagleg utdanning. Sidan 2009 har delen med faglærd personell auka frå 68 til 71 prosent.

På fylkesnivå er det ein svak oppgang med 0,4 prosent frå 2012 til 2013. Sysselsetjingstalet auka med rundt 330 personar. Vidaregåande opplæring utgjer framleis 81 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...