Heim Nyhende Vil ikkje ha ansvar for språksamlingane

Vil ikkje ha ansvar for språksamlingane

Styret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo har vedteke at det ikkje skal ha ansvar for samlingane.

 

Vedtaket inneber at instituttet ikkje lenger skal ta ansvaret for vidare forvaltning og drift av samlingane som er knytte til leksikografi og namnegransking etter at prosjektet Norsk Ordbok 2014 blir avslutta, skriv Uniforum.

Samtidig gir instituttstyret fullmakt til instituttleiar å kontakta eksterne institusjonar for å fortelja dei om at instituttet ikkje lenger tar på seg drifta av desse samlingane, men på same tid oppmodar til at det blir funne ei god løysing for desse samlingane. Om det ikkje skulle føra fram, vil instituttet passa på at samlingane blir tekne vare på, på ein forsvarleg måte.

Brev frå Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har tidlegare i eit brev til universitetet vore klar på at dei ikkje utan vidare kunne avvikle språksamlingane.

I brevet, som var eit svar på at instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen gjekk ut med at Institutt for lingvistiske og nordiske studium ikkje lenger kan ta på seg ansvaret for samlingane, skreiv avdelingsleiar Heidi Karlsen i departementet at grunnløyvinga til universitetet skal dekkje drifta av språksamlingane.

Kulturdepartementet gjorde det klart at universitetet ikkje utan vidare kan avvikle langsiktige oppgåver som dei har fått særskild finansiering til, og bad UiO gjere nærare greie for planane dei har, med svarfrist 15. juni.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen stadfestar overfor Uniforum at universitetsleiinga er godt inne saka om språksamlingane.

Ønskjer dialog

– Vi i den sentrale leiinga har vore og er i tett kontakt både med HF og ILN i denne saka. Styrevedtaket tar vi til etterretning og støttar instituttet og fakultetet si prioritering, opplyser Ole Petter Ottersen. Han fortel at dei held fram med å arbeide med denne saka i dialog med dei aktuelle departementa.

– No arbeider vi vidare i lys av dette og med Kulturdepartementets brev som Uniforum har omtalt tidlegare. Vi tek sikte på direkte dialog med Kulturdepartementet og også vårt eige departement Kunnskapsdepartementet i den vidare vurderinga. Det er difor altfor tidleg no å seia kvar saka endar, eller kva ekstern institusjon som best kan overta språksamlingane. Så langt er saka framleis den at Norsk Ordbok vert avslutta som prosjekt etter februar neste år. Dette er i samsvar med det som har vore klart heile tida, presiserer UiO-rektoren. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...