Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga.
Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland:
«I Tynne rivner av lys smeltar det vakre saman med det brutale, og desperasjon og depresjon blandar seg med håpet om at ting skal snu, at det trass alt skal gå bra. Historia vert fortalt på fleire tidsplan, i eit finstemt, presist og poetisk språk.»
«Mange opplevingar kan få menneska til å kjenne seg små. Tynne rivner av lys er ei allmenngyldig forteljing om dei mørke sidene av menneskelivet, men òg om det gjenstridige håpet som pregar vår felles reise som menneske.»
Tynne rivner av lys kom ut våren 2025 til svært gode meldingar.
Anne-Lise Frøland kjem frå Ålesund og bur i Oslo. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø. Tynne rivner av lys er den første romanen hennar og med denne har ho vunne Tarjei Vesaas» debutantpris 2025.










