Heim Nyhende Ti nynorske favorittar i sommar

Ti nynorske favorittar i sommar

Treng du tips til godt, nynorsk lesestoff? Her bøkene som har fått best omtale av bokmeldarane til Framtida.no det siste året.

 

Saknar du tips til gode bøker i sommarvarmen? Me har plukka ut bøkene som har fått mest skryt av bokmeldarane våre det siste året. På lista finn du spennande, fantastiske og litt romantiske romanar, vakre og intense diktsamlingar og ein blodig grafisk roman.

 

Skriv i sanden

Marjun Syderbø Kjelnæs, Samlaget 2014

Skriv i sanden handlar om ti ungdommar frå Tórshavn på Færøyane og deira opplevingar i løpet av ei helg. Boka tek opp tema som sex, fyll, religion og homoseksualitet, og oppsummerer ungdomsliv over alt. «Eg anbefaler Skriv i sanden til alle som er – eller ein gong har vore – ungdommar», skreiv Sara Myhren Kornberg og gav boka terningkast seks. Les meir her!

LES OGSÅ: Deler boktips med #lesesumar

Statsminister-boka
Einar Økland, Samlaget 2014

Einar Økland gjev eit morosamt innblikk i hovudet på ein statsminister i Statsminister-boka, og minner oss om at sjølv statsministrar kan ta fullstendig feil. «Ei skikkeleg kultbok for alle med sans underfundig, øklandsk humor og obligatorisk lesnad for små og store born med ein statsminister i magen», skriv Svein Olav B. Langåker. Les meir her!

LES OGSÅ: Det sensible språket – om makt og poesi

Der vi gøymer løyndommar

Charlotte Riise, Gyldendal 2014

«Dei beste av dikta i Der vi gøymer løyndommar rommar utruleg vakre bilete. Samlinga som heile antydar og fortel forsiktig og subtilt. Eg vil seie det til alle: les dikta til Charlotte Riise!», skriv Hjørdis-Linnea Myhre. Les meir!

Kvitt

Laura Djupvik, Kolon forlag 2013

«Kvitt skildrar på levande vis kor jævlig det kan vere å vere nett sytten – jævlig deilig, jævlig intenst, jævlig utmattande, jævlig irriterande», skriv Kristina Leganger Iversen. Les meir om boka her!

Flukt

Atle Hansen, Samlaget, 2013

«Atle Hansen ber oss inn eit farleg og spanande leseunivers. Det tome huset under fjellet er ikkje tomt lenger. Kva har skjedd og kven har flytta inn? Boka passar best for ungdommar frå 12 år og oppover», skriv Judith Sørhus Litlehamar. Les meir!

LES OGSÅ: Ragnar Hovland: – Kom deg ut!

Så vakker du er

Brynjulf Jung Tjønn, Cappelen Damm 2013

«Brynjulf Jung Tjønn skriv lett om noko tungt, og vakkert om noko vondt i denne romanen. Tjønns prosa er rytmisk, biletsterk og poetisk. Han skriv innsiktsfullt om tap, og òg dei tabubelagte og kanskje urettferdige kjenslene som oppstår når dei næraste er sjuke – som sjalusi og sinne», skriv Janne Karin Støylen. Les meir om boka her!

Songfuglen

Jan Roar Leikvoll, Samlaget 2013

I Songfuglen orienterer Leikvoll seg vidare i den same mørke tematikken han har blitt prisa for før, men no er draumen og håpet om eit anna liv, vesentlege drifter. «Resultatet er ein fortryllande roman som framleis er full av hemmelegheiter», skriv Akef Khateeb Ahmed. Les meir her!

Rekrutten

Robert Muchamore Aggs Edginton, Samlaget 2012

James flyttar inn på ein skule etter ei uventa hending. Han kjem i kontakt med CHERUB som brukar foreldrelause barn som spionar til å avsløre kriminelle terroristar. «For dei som likar å lese krim og dei som likar bøker med mykje spenning, slåssing og blod», skriv Gaute Sæbø om denne grafiske romanen frå den bestseljande forfattaren. Les meir!

LES OGSÅ: Fleire vil bli nynorskpraktikant

Landet under isen – Dødeboka
Lars Mæhle, Samlaget 2014

Førsteboka Landet under isen vann både Uprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Fabelprisen. I vår kom den spennande oppfølgjaren. «Lars Mæhle klarer å skape eit fantasy-univers som fungerer, det er ein kunst å skifte mellom ulike historier og landskap som han gjer i denne ungdomsboka», skriv Judith Sørhus Litlehamar. Les meir om boka her!

Saiko
Linn T. Sunne, Samlaget 2011

Saiko er ein thriller for ungdom frå eit bygdemiljø som mange kan kjenne seg igjen i. «Eg likte denne boka godt. Handlinga var truverdig, men samtidig annleis enn kva eg hadde forventa. Konfliktane mellom personane held liv i handlinga og gjer at du vil lese vidare», skriv Håvard Høgi Nes. Les meir!

Viss du er ein ungdom som er mellom 14-16 år som likar romantikk og spenning så passar denne boka perfekt for deg, skriv Bertine Waage Horn. Les meir!

Les fleire bokmeldingar her!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...