Heim Nyhende Bles nytt liv i Sauda

Bles nytt liv i Sauda

I Sauda satsar dei for å få vekst i sentrum. No skal kvar einaste butikk bli ein eigen liten attraksjon.

– Målet vårt dei neste fire – fem åra er krystallklart. Me skal gjere Sauda sentrum om frå eit sentrum til ein destinasjon, og den enkelte butikken skal bli ein attraksjon. For dei fleste betyr det at dei må ha ei høgare omsetjing og selje meir, slår prosjektleiar Frank Abelseth fast.

Abelseth som driv konsulentbedrifta Vinnarskalle er leigd inn av omstillingsstyret i kommunen og har som mål å blåse nytt i liv handelsstanden i industribygda.  Sauda ligg i indre Ryfylke og har i underkant av 4700 innbyggar. Kommunen er først og fremst kjend som ein vasskraft- og industrikommune, og har fostra kjende namn som Bjørn Eidsvåg, Kjartan Fløgstad og Reidar Brendeland.  Som mange andre mindre samfunn har Sauda utfordringar med handelslekkasje og eit sentrum som stadig får ein vanskelegare situasjon.

– Det viktigaste for oss no er at så godt som alle butikkane i sentrum blir med på omstillinga. Dei me konkurrerer med er London, Raglamyr i Haugesund og Stavanger sentrum, og dei er gode. Det går ikkje an å konkurrere i Champions League med fire spelarar på banen, meiner Abelseth.

Viktig samarbeid

Linda Dolmen er ein av dei som kom attende til Sauda for å starte eiga bedrift.  I 1989 flytta ho heim igjen dagen etter at fagbrevet i frisørutdanninga var i boks. Draumen var å starte eigen frisørsalong i Sauda. I dag driv ho Blomsterbua, som ikkje berre er frisørsalong og blomsterbutikk, men klesbutikk i tillegg.

Linda Dolmen driv Blomsterbua midt i Sauda sentrum, ho har sterk tru på at ein kan få vekst i handelsstanden. Foto: Fotograf Nordtveit– Eg trur det er viktig å ha fleire bein å stå på, og blomster får du jo snart i alle butikkar, meiner gründeren som absolutt trur Sauda sentrum har ei framtid.

– Det trur eg, men me må få på plass eit godt samarbeid mellom næringsliv, handelsstanden og kommunen. Auka handel og aktivitet er noko me treng for å styrke bygda vår.

Til liks med prosjektleiar Abelseth meiner Dolmen det blir viktig å mobilisere lokalbefolkninga til å handle i eigne butikkar.

– Ein veit jo sjeldan kva ein har før ein mistar det. Vil ein trygge utviklinga i Stavanger må ein handle der, vil ein sikre butikkane i Sauda må ein handle der. Så enkelt er det, meiner Abelseth.

Likevel ser han at det ikkje berre er vilje som styrer handelsmønsteret.

– Mange ser på sjølve handlinga som ei oppleving og ei reise, me er stadig på reise mellom to stadar, mange likar det, seier han og legg samstundes til at ein må byggje opp tydelege fyrtårn i Sauda som automatisk vil trekkje folk.

– Og dette er ikkje berre negativt, mange er og flinke til å handle her lokalt. Den viktigaste jobben me gjer er å få sentrum til å fungere på ein god måte.

Kjenner kundane godt

Prosjektleiinga jobbar etter visjonen Nærmast alt, meininga er at ein skal få fram kor konsentrert sentrum i Sauda er, her kan ein nå mange butikkar på kort avstand.

– I tillegg speler me på at me kjenner kundane våre godt, me veit kven mange av dei handlar til, og kva dei likar. Og me må vere fleksible og serviseinnstilte, det hender me må køyre varer heim, seier Abelseth.

Nyleg gjekk kommunen inn for å flytte deler av legevakta i Sauda over til Ølen, og gå i samarbeid om ei legevaktsordning i heile fire kommunar. I tillegg lever det lokale apoteket i bygda eit farleg liv. Linda Dolmen meiner helsetenester og servicetilbod er viktig å sikre for å få vekst i lokalsamfunnet. Noko Abelseth er samd i, likevel trur han det viktigaste er å konsentrere seg om dei butikkane ein faktisk har i sentrum.

– 80 prosent av tida vår og ressursane våre bør me etter mi meining bruke på dei butikkane som alt er her, dei har det ofte tøft og utfordringane er mange av dei same, om samfunnet er stort eller lite.

Sauda er i ferd med å gjennomføre eit større omstillingsprosjekt som i tillegg handlar om rekruttering, etablering av arbeidsplassar og tilrettelegging av tomter  og ledige hus. Abelseth trur det er viktig å sjå synergieffekten i dei ulike prosjekta.

– For oss blir det til dømes viktig med ein god dialog, både opp mot resten av næringslivet og kommunen, med tanke på bruk av lokale butikkar og tenester. Det er viktig at alle er på banen, slår han fast.

Under dei årlege Saudadagane i juni er det mykje folkeliv i Sauda. Foto: Per Inge Fjellheim

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...