No inviterer Lokalsamfunnsforeningen til debatt om det er naudsynt med ei større kommunesamanslåing.
Lokalsamfunnsforeningen vart stifta i 2009 og får no støtte frå 147 ordførarar. Foreninga arbeider for lokaldemokrati og desentralisering, og er aktiv motstandar av tvangssamanslåing av kommunar.
Førstkomande måndag blir det debatt om kommunestrukturen. Her kjem blant andre kommunal-og regionalminister Liv Signe Navarsete som møter FrP-leiar Siv Jensen til debatt.
Inger Aarvig blir også utfordra på kvifor NHO går inn for omfattande kommunesamanslåing og leiar i Fagforbundet, Jan Davidsen vil seie noko om kva Fagforbundet meiner om krav til reform av kommunestrukturen.
Les programmet her.