Heim Nyhende Trur ikkje nynorsken blir svekt av samanslåing

Trur ikkje nynorsken blir svekt av samanslåing

Ordførar i Meland, Nils Marton Aadland (H), helsar kommunesamanslåing velkommen. Han trur ikkje det vil gå ut over nynorsken i Nordhordland.

 

KOMMUNEPRATEN:

– Meland kommune er ein av dei mest attraktive kommunane i landet. Vi er mellom kommunane i Noreg med størst prosentvis folkeauke. I tillegg har vi også stor vekst i talet på private arbeidsplassar. Det er vi stolte av! seier Meland-ordførar Nils Marton Aadland.

Ein av dei viktigaste utfordringane til kommunen er  å leggja til rette for endå fleire arbeidsplassar i Meland, meiner han.

– Vi har framleis stor utpendling, i første rekkje til Bergen. Difor har vi spesielt fokus på næringsutvikling i det pågåande arbeidet med kommuneplanen. I tillegg må vi ha ei folkevekst som er berekraftig. Det viktig at for at vi framleis skal kunna gi gode tenester til våre innbyggjarar.

Personleg er han positiv til kommunesamanslåing.

– Etter mi meining vil større kommunar føra til auka lokalt sjølvstyre og betre velferdstenester. Meland kommunestyre har sagt ja til å greia ut spørsmålet om kommunestruktur.

Meland viktig for nynorsken

For nokre veker sidan var han saman med forfattaren Edvard Hoem med på å avduka ein byste av Ivar Aasen, til minne om det lengre opphaldet Ivar Aasen hadde i Meland då han vart pengelens på grunn av manglande utbetaling frå Vitskapsselskapet i Trondheim. 

– Korleis er stillinga til nynorsken i Meland?

Vi registrerer at mange av dei som flyttar til kommunen er bokmålsbrukarar. Dermed får vi stadig fleire bokmålsklassar i grunnskulen. Likevel føler eg meg trygg på at nynorsken står sterkt mellom innbyggjarane i Meland kommune.

– Korleis trur du ei eventuell kommunesamanslåing vil påverke nynorsken si stilling i Meland?

– Dersom kommunesamanslåing blir aktuelt, vil det vere snakk om å slå oss saman med andre kommunar som nyttar nynorsk som hovudmål. Dermed vil ikkje det få påverknad på nynorsken si stilling.

– Kva gjer kommunen for å sikra nynorsken sin plass i dag?

– Meland kommune er ein nynorsk kommune, og legg vekt på å nytta god nynorsk i all offentleg kommunikasjon. Elles har eg inntrykk av at mange i Meland har blitt meir medvitne på at eit viktig grunnlag for nynorsk grammatikk blei meisla ut nettopp her i Meland. Det er også bakgrunnen for at det er reist eit minnesmerke over Ivar Aasen her. Vi er svært takksame for at Meland mållag gav oss den gåva!

– Kva meiner du staten og sentrale styresmakter kan gjere for å styrkja nynorsken?

– Det er svært gledeleg Stortinget vedtok at grunnlova også skal føreliggja på nynorsk. Dette er eit viktig signal om nynorsken sin sterke posisjon.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...