Heim Nyhende Tur langs Diktarvegen

Tur langs Diktarvegen

Tur langs tre nasjonale turistvegar: gjennom Ryfylke, Hardanger og over Gaularfjell. Arrangør: Tiramisu reiser med smak AS

 

 

Diktarvegen går langs stamveg, turistveg, fjordveg og riksveg 13! Vi køyrar med buss over Jæren, gjennom Ryfylke, Hardanger og Voss heilt fram til Sogn og Sunnfjord. På vegen vitjar me heimtraktene til Arne Garborg, Rasmus Løland, Olav H. Hauge, Per Sivle og Jakob Sande. Me får óg smake lokal tradisjonsmat.

Me vil profilera ein pilotveg – den vestlandske litteraturruta i Noreg!

PROGRAM:
Fredag 20. juni:
Start kl. 0900 på Garborgsenteret på Bryne. Du kan bli plukka opp i Stavanger eller på Haugalandet.

På Bryne får me ei omvisning på Garborgsenteret, som opna i 2012. Etterpå vitjar me Garborgheimen og Knudaheio. Deretter tek Suldal Billag oss med på turen innover i Ryfylke. Billaget har profilert seg med ein video, sjå www.suldal-billag.no. Lunsj på Preikestolhytta. Om ettermiddagen kjem me til Suldal, og innkvarterer oss på Lakseslottet Lindum. Middag og overnatting på Lindum.

Laurdag 21.. juni:
Avreise kl. 08.30. Me reiser over fjorden og inn til Vanvik, der Rasmus Løland vaks opp. Der får vi ei orientering i den vakre Rosebua på Lølandgarden. Vi drar vidare forbi Odda til Ullensvang, der det blir lunsj på Hotel Ullensvang. Etterpå drar me over den nye Hardangerbrua (opna 17.8.2013!) til Ulvik og til Olav H. Hauge sitt rike. Der går me i fotefara til Hauge og vitjar heimen hans på Rossvoll. Middag og overnatting på Brakanes hotel, Ulvik.

Søndag 22. juni:
Etter frokost kjører me til Voss, Sivlestatuen, og så vitjar me Mor si grav på Opheim. Bussen kjører oss vidare til Stalheim og Flåm til Sivle sitt barndomsrike. Lunsj i Flåm. Etter lunsj drar me gjennom den 24 510 m lange Lærdalstunnellen (verdas lengste!), og vidare til Sogndal og Balestrand til Kviknes hotell. Me får høyre om keiser Wilhelm og nasjonalromantikken i Balestrand før ein nydeleg middag!

Måndag 23. Juni:
Dagen vert vigd diktaren Jakob Sande, så etter frukost dreg me til Fjaler og Dale, til Jakob Sande sin fødestad. I Sande-tunet vert det ein god stopp med lunsj frå gardsmatprodusenten Matglede og kulturprogram av framifrå Sande-tolkarar. Etter lunsj køyrer bussen oss sørover til Bergen der vi er seinast kl. 17.30. Her endar turen.

Det blir små overraskingar/ underhaldning undervegs.

Tidspunkt: 20. juni – 23. juni 2013.

Pris:kr.8500. Inkludert er reise med buss, hotell opphald i dobbeltrom, frukost, lunsj og middag og alle arrangementa undervegs. Enkeltromstillegg: kr. 900

Marny Skeie Henkel er med som reiseleiar saman med leiar i Tiramisu.

Ikkje inkludert er drikke til maten.

Depositum kr. 3000 vert fakturert ved påmelding. Reglar for avbestilling, sjå påmeldingsreglane til Tiramisu, www.tiramisu.no
Me tek atterhald om nok påmelde, min 25 stk, og evt. endringar i programmet.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde...

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...