Heim Nyhende Frå kjøkkenbordet til lokalavisa

Frå kjøkkenbordet til lokalavisa

 

– Vi skriv ofte mykje om ungdom, men lite for ungdom, seier redaktør i Dølen, Tor Larsen. I eitt år har lokalavisa prioritert vanlege folk framføre autoritetar. Slik vil dei styrke demokratiet.

 

 

Då kommunen inviterte til ope møte om Samhandlingsreforma, dukka ikkje journalistane i lokalavisa for Midt-Gudbrandsdalen opp. I staden lot dei seg syne rundt av bebuarane på aldersheimen, som i gåstolfart gav sine synspunkt på kva som fungerte og ikkje.

I kring eitt år har lokalavisa Dølen lagt si ære i å kome seg ut blant folk i lokalsamfunnet. Avisa er ein av fire pilotaviser i Landslaget for lokalaviser (LLA) si satsing «Levande lokalsamfunn», der målet er ein meir deltakande journalistikk. I mars samlast lokalavisene til landsmøte i Bergen. Då kan lokalavisvener frå heile landet trekkje lærdom av pilotane sine erfaringar.

Å få folk i tale
– Den deltakande journalistikken handlar om å få folket i tale. Essensen er at sakene skal kome frå botnen og opp, og det inneber at vi i mange tilfelle hoppar over ordførar, rådmann eller andre autoritetar, og vender oss til folk flest. Vi skriv til dømes mykje om ungdom, men lite for ungdom, fortel redaktør i Dølen, Tor Larsen.

Deltakande journalistikk er LLA si omsetjing av public journalism, som også vert kalla demokratibyggjande journalistikk. Viktige aspekt i deltakande journalistikk er å lytte og forstå folks tankar, å drive journalistikk som er viktig for folk sine liv, å søke og å skape dialog, å arbeide langsiktig og å føreslå løysingar.

LES OGSÅ: Rekordopplag for Dag og Tid

Diskusjonane kring kjøkkenborda skal ut av huset og fram i lyset. Målet er å styrkje demokratiet.

– Då må vi samle trådane, delta i lokalsamfunnet, og vere løysingsorienterte framføre konfliktskapande, seier Larsen.

Redaktøren meiner at deltakande journalistikk handlar om å endre den journalistiske tankegangen.

Tor Larsen er redaktør i Dølen, som er pilotavis i LLA si satsing. Foto: Bjørn Sletten– Det er lett å hive seg på telefon til rådmann, ordførar eller andre leiarar når noko skjer. Deltakande journalistikk handlar om å gå meir til dei som er direkte råka av saka. I nokre saker kjem ein sjølvsagt ikkje unna leiarane, men i klassisk journalistikk har det vore litt for mange autoritetar og litt for få vanlege folk, seier Larsen.

Løftar i flokk
– Vi har sett før at når lokalavisen løftar i flokk, så verkar det. No vil vi fornye og forbetre lokalpressa, og vi trur at vi skal klare å få synlege resultat, seier Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser.

Saman med redaktør i Søgne og Sogndal Budstikke og nestleiar i LLA, Roar Osmundsen, står han bak satsinga. Osmundsen meiner lokalavisene ikkje har noko anna val enn å lytte til innbyggjarane.

– Då deltakande journalistikk vaks fram på 90-talet, kunne media velje om dei ville halde fram som før eller ikkje. I dag, når ein bloggar frå Søgne kan ha fleire lesarar enn lokalavisa har ikkje avisene lenger det same valet. Vi må rive ned veggane i redaksjonen og byggje opp att sambandet med innbyggjarane, seier Osmundsen.

I LLAs idèbank samlar dei erfaringane og ideane frå pilotavisene, under landsmøtet vert det seminar der mellom anna pionerar frå Sverige og Nederland skal medverke, og Osmundsen arbeider med ei bok om den norske modellen av deltakande journalistikk. Blant forslaga for å byggje relasjon til lesarane er å etablere mobile redaksjonar, som har redaksjonmøte i kantina på den vidaregåande skulen eller på sjukehuset og kafesamlingar.

– Deltakande journalistikk handlar både om å engasjere og ansvarleggjere innbyggjaren. Ein må setje innbyggjarane i stand til å bry seg ved å gje dei informasjon, og ein må ansvarleggjere dei ved å involvere dei i debatten og i søken etter løysingane, held Osmundsen fram.

Søgne og Sogndal Budstikke sette i ein artikkelserie fokus på lokal forsøpling. Dei stogga ikkje der. Avisa haldt i saka og utfordra frivilligsentralen til å fronte ein oppryddingsaksjon. Resultatet var ryddigare gater.

– Kan ikkje dette minne om kampanjejournalistikk?

Roar Osmundsen og Rune Hetland i LLA står bak satsinga på deltakande journalistikk. Foto: Tora Hope– Journalisten er alltid ein aktør, allereie når ho vel kva ho vil skrive om, kva for kjelder ho vil bruke, og kva for vinkling ho skal ha, seier Hetland.

Osmundsen er einig:

– Eg er ikkje så redd for det ordet. Veldig mykje av dekninga før eit kommuneval er til dømes lite objektiv, på den måten at journalistane tek toppkandidatane sin posisjon for gjeve. Dermed lagar dei lite rom for andre kandidatar, og er med på å stadfeste posisjonen til toppkandidatane. Den journalistiske objektiviteten er lite anna enn ein festtale. I deltakande journalistikk er journalisten open om sine metodar. Ho tek utgangspunkt i folket og inviterer lesaren til å respondere og kritisere. Journalistikken er aktivisitisk, men samstundes kritisk, seier han.

Herredømefritt
Deltakande journalistikk er basert på den tyske filosofen Jørgen Habermas teoriar om den herredømefrie dialogen. Det er det beste argumentet som skal vinne, anten det kjem frå ei åleinemor utan tid til å delta i det offentlege ordskiftet eller frå ein ordførar.

Tor Larsen i pilotavisa Dølen fortel at det ikkje berre er roseraudt å forsøke seg på deltakande journalistikk.

– Mange er enkle å få i tale og kjem med gode argument i andre forum, som Facebook. Når det vert snakk om å kome på trykk med meiningane sine, er terskelen høgare. Samstundes, etter kvart som vi får fleire ulike røyster på trykk kan vi kanskje vente ei smitteeffekt, der fleire er villige til å stå fram, seier Larsen.

Deltakande journalistikk kan også vere tidkrevjande.

– Men den tida er det verdt, meiner redaktøren.

Osmundsen i LLA tykkjer problemstillinga er interessant.

– Ei utfordring er nettopp å få folk til å tru på at deira meining er av betyding. Som regel vert vanlege folk brukt som case i kraft av éin del av deira identitet, til dømes at ein er åleinemor. I deltakande journalistikk er ein interessert i heile mennesket, seier han.

Ikkje berre konflikt
Tidlegare generalsekretær og no prosjektmedarbeidar i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold, er positiv til LLA si satsing.

– Mediekritikarar har løfta fram at samstundes som media vert mektigare og flinkare til å fortelje andre aktørar kva dei gjer feil, manglar ofte forsøka på å løyse problema. Lokalmedia står overfor den same same utfordringa som andre medium, seier Kokkvold.

– Når vi i media vil ha økonomisk støtte løftar vi ofte fram vårt enorme samfunnsansvar. Media skal rette søkjelyset mot kritikkverdige forhold, men vi skal også løfte fram idear om korleis ein kan byggje samfunnet vidare. Difor er dette eit bra prosjekt, seier Kokkvold.

(saka held fram under bildet)

 Per Edgar Kokkvold meiner det er positivt å løfte fram løysingar i journalistikken. Foto: Birgit Dannenberg.

– Lesarane skal ikkje bestemme
Kokkvold minnar samstundes redaktørane på å vere medvitne om sitt ansvar.

– Redaktøren skal ivareta ytringsfridommen etter beste evne, og løfte fram det som etter hans eller hennar syn tener samfunnet. At lokalavisa løftar fram lesarane tyder ikkje at det er dei som skal avgjere kva som står i avisa, men det er fornuftig å trekkje fram løysingar på problem og ikkje berre problema.

I 2007 leverte Birgit Røe Mathisen masteroppgåva «Lokalsamfunnets lim og lupe?», der ho diskuterer lokalavisene si dragning mellom å vere lokalpatriotiske på den eine sida, og kritiske vaktbikkjer på den andre.

– Lokalavisene er ein merkeleg storleik. Den skal vere identitetsbyggjar og få fram kor kjekt alt er lokalt. Samstundes er det kome ein ny generasjon journalistar i lokalpressa, som ønsker ein meir kritisk og undersøkande journalistikk, sa medievitar Martin Eide ved UiB til Journalisten.no.

Kokkvold har ei viss forståing for kritikarane som har hevda at lokapatriotismen nokre gongar kan trumfe vaktbikkjerolla til lokalavisene.

– Eg vil ikkje kritisere lokalavisene for å kjempe for lokalsamfunnet sine interesser i seg sjølve. Problemet oppstår først når ein i misforstått lokalpatriotisme til dømes lar vere å dekkje saker. Det har nok skjedd, til dømes når byar og lokalsamfunn kjempar om eit sjukehus eller eit industribygg og håpet om ringverknader har fått lokalavisene til å underspele problema i sine eige samfunn, og overspele problema i andre samfunn. Dersom det går slik, så har journalistane slutta å gjere jobben sin. Den patriotiske lokaljournalisten må vere ekstra nøye med å la alle partar komme til orde, og såleis er dette prosjektet bra, seier Kokkvold.

Levande lokalsamfunn

• Eit prosjekt som syner veg for å få alle med i dialogen.

• Avisa som problemløysar, ikkje berre problemvisar. Lokalavisa skal vere vaktbikkje, men den skal også setje i gong møteplassar for avis, innbyggjarar og makta.

• Avisa skal lytte til innbyggjarane og syne at dei er viktige for lokalsamfunnet.

• Avisa skal gje lesarane kunnskap og innsikt.

• Avisa skal styrke demokratiet ved at flest mogleg røyster vert høyrt og sett.

• Avisa skal få diskusjonane kring kjøkkenbordet ut av huset og fram i lyset.

• Avisa skal ikkje berre formidle og referere, men vere aktive og engasjere eit breiare lag av befolkninga, arbeide i djupna, og tenkje heilskap.

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...