Heim Nyhende TV 2 opnar for nynorsk på nett: – Skulle berre mangle

TV 2 opnar for nynorsk på nett: – Skulle berre mangle

Kringkastaren opphevar nynorskforbodet.

Onsdag skreiv Framtida.no at TV 2 nektar journalistane sine å skrive nynorsk i nyheitsartiklar på nett.

Nyheitsredaktør Karianne Solbrække fortalde då at TV 2 hadde gåande ein diskusjon internt om vegen vidare. No er diskusjonen over, og avgjersla fatta:

TV 2 opnar for nynorsk i nyheitsartiklar på tv2.no. 

– Det skulle berre mangle, seier Solbrække på telefon til Framtida.no.

– Det riktige å gjere

Ifølgje Solbrække vart avgjersla om å late journalistane sjølv velje kva skriftspråk dei nyttar teken av leiargruppa tidlegare denne veka, og vidareformidla til dei tilsette i går.

– Dette er ikkje noko kontroversielt, og alle er einige om at det er det riktige å gjere.

Nyheitsredaktøren seier det er ei naturleg utvikling å opne for nynorsk, grunna rekkjevidda til tv2.no og samfunnsoppdraget kringkastaren har.

Kringkastingsringen og Norsk Målungdom kritiserte TV 2 for å oppretthalde eit nynorskforbod som allmennkringkastar og for å skilje mellom kommentarartiklar og nyheitsartiklar.

Solbrække seier seg samd i at skiljet var kunstig, og meiner det er resultatet av avgjersler som ligg tilbake i tid som ikkje har vorte aktualisert att.

– TV 2 ynskjer å ha eit mangfald av dialektar og skriftspråk, så dette handlar meir om at vi ikkje har hatt det på agendaen, seier Solbrække, som medgjev at saka burde vore teken tak i tidlegare.

Målungdomen ynskjer konkrete krav

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold, synest det er positivt at TV 2 opnar for nynorsk. Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Norsk Målungdom.

Norsk Målungdom var kritiske til at TV 2 ikkje tillet nynorsk i nyheitsartiklar, noko leiar Gunnhild Skjold meinte vitna om at kringkastaren ikkje ynskte vere eit medium for heile landet.

Skjold meiner det er veldig positivt at TV 2 no har gjeve grønt lys for nyheiter på nynorsk på nett:

– Eg håpar det vert mykje nynorsk å sjå på tv2.no.

Samstundes seier målungdomleiaren at det framleis er problematisk at det berre er hovudkanalen til TV 2 som er regulert i kringkastingsavtala med staten.

– Avtala burde dekkje nettsida tv2.no og kome med konkrete krav til kor mykje nynorsk dei bør bruke, avsluttar Skjold.

Karen Anna Kleppe er TV 2-reporter i Troms og Finnmark, og gler seg over å få skrive nynorsk på nett. Foto: Privat

– Betre seint enn aldri

TV 2-reporter Karen Anna Kleppe, som tidlegare fortalde Framtida.no at det er leitt at ho ikkje får skrive nynorsk i nyheitsartiklar, er nøgd med at TV 2 omsider opnar for skriftspråket:

– I dag er eg litt ekstra glad i arbeidsgjevaren min, dette var ei veldig gledeleg nyheit. I og med at TV 2 var banebrytande då dei tillet dialekt på TV, så skal jo dette berre mangle. Betre seint enn aldri, som ein seier! skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Samstundes peikar Kleppe på at dette står meir i stil med TV 2 sitt oppdrag om å spegle landet og folket:

– Det kan ein ikkje gjere viss ein ikkje tillet eit skriftspråk som er basert på dialektene til dei som bur der ute.


Les også om Amelia (18) som tok eit val i 2021: Skal aldri meir skrive bokmål

Bilettekst: Amelia Gòmez Snerte vil mest av alt halde fram med musikk og tekst, også når ho er ferdig med vidaregåande: – Eg har søkt på musikkstudium som eg håpar, håpar, håpar eg kjem inn på. Foto: Ortenheim Photography/Tekstlab

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...