Heim Nyhende – UiO kan ikkje avvikle språksamlingane

– UiO kan ikkje avvikle språksamlingane

Universitetet i Oslo kan ikkje utan vidare avvikle språksamlingane, meiner Kulturdepartementet. Grunnløyvinga til universitetet skal dekkje drifta.

 

Mykje av det nasjonale dokumentasjons- og normeringsarbeidet som Universitetet i Oslo (UiO) har tatt på seg, er oppgåver som universitetet har fått gjennom politiske vedtak med tilhøyrande budsjettvedtak, skriv avdelingsdirektør Heidi Karlsen i Kulturdepartementet i eit brev til UiO.

UiO har fått frist til 15. juni med å svare, men i Norsk Ordbok håper dei no at dette betyr at dei 28 tilsette i ordboksprosjektet får bli.

– Eg reknar med at UiO ikkje vil seie opp dei tilsette i Norsk Ordbok før vi veit noko om det framtidige behovet for kompetansen deira, seier styreleiar Magnus Rindal i Norsk Ordbok til nettavisa for UiO, Uniforum.

Må avvikle språksamlingane

Brevet frå Kulturdepartementet er eit svar på utspelet som instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen kom med før påske, om at Institutt for lingvistiske og nordiske studium ikkje lenger kan ta på seg ansvaret for språksamlingane ved UiO. Instituttet har ikkje pengane som trengst for å vidareutvikle og drive samlingane, meinte Kistoffersen.

Språksamlingane omfattar ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet. Instituttet har mellom anna ansvaret for Bokmålsordboka og Nynorskordboka og for prosjektet Norsk Ordbok 2014, tiltak dei no meiner dei ikkje har økonomi til å føre vidare utan ekstra løyvingar.

Dei 28 språkforskarane i Norsk Ordbok fekk førre veke varsel om at dei mistar jobben når det store ordboksverket er ferdig ved nyttår.

LES OGSÅ:No får du Norsk Ordbok på nett

Særskilde pengar

Departementet meiner likevel at store delar av det som UiO no ber om alternativ organisering og finansiering av, for det meste er oppgåver som UiO frå før har fått særskilde pengar til å ta seg av.

– Basiskomponenten av løyvinga til kvar institusjon er mellom anna eit uttrykk for ein ulik grad av særskilde oppgåver, av funksjonar og fagportefølje, av distriktsomsyn, institusjonsstorleik og husleigekostnader og av ulike politiske prioriteringar over tid, heiter det i brevet.

Departementet gjer det klart at dei meiner dette må bety at universitetet ikkje utan vidare kan avvikle langsiktige oppgåver som dei har fått særskild finansiering til, og ber UiO gjere nærare greie for planane dei har.

– Vi tillèt oss på denne bakgrunnen å be universitetet gjere greie for korleis dette er vurdert i samband med den seinare nedbygginga av dei oppgåvene som opphavleg vart lagt til universitetet ved etableringa av Norsk leksikografisk institutt, skriv Kulturdepartementet.

LES OGSÅ: Trønderbart i ordboka

Norsk Ordbok

Hundre og eitt er heller ikkje ute for det meir tidsavgrensa prosjektet Norsk Ordbok. I brevet ber departementet universitetet om å skissere ei alternativ løysing for den vidare drifta av Norsk Ordbok som ei digital ordboksteneste etter februar 2015.

– Vi ser dette som det mest presserande spørsmålet og legg til grunn av det kan bli aktuelt å vurdere dette som ei avgrensa sak med tanke på ei minimumsløysing for eit framhald av den digitale ordbokstenesta åleine, står det i brevet.

Men pengar vil ikkje departementet love, ifølgje Uniforum. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...