Heim Nyhende - Ungdommane er engasjerte

– Ungdommane er engasjerte

 

– Ungdommar er allereie engasjerte. Utfordringa er å få tak i dei, seier Merima Maja Brkic (29), som er rådgjevar for Storbritannia sin statsminister David Cameron, under Mot til å meina-konferansen i Oslo.

 

– Vi stiller oss spørsmålet: Korleis kan vi involvere ungdom? Det må vi ta tilbake. Vi må heller spørje oss: Korleis kan vi høyre på ungdommen, meiner Brkic.

Brkic var ein av fleire innleiarar som snakka for dei rundt 100 frammøtte under konferansen torsdag føremiddag. 29-åringen er frå Bosnia, har vore busett i Årdal i Sogn og Fjordane og bur nå i Storbritannia.

Ho har jobba som rådgjevar for fleire britiske ministrar. Ho trur ikkje britiske ungdommar har tru på nokre av dei eksisterande politiske partia. Litt av årsaka til det har samanheng med tredoblinga av skulepengar som blei vedtatt i Parlamentet i fjor.

Facebook-generasjonen var tidlegare nærast eit skjellsord for Merima Maja Brkic, men etter det som skjedde i samband med auken av skulepengane har ho endra syn på dette.

– Plutseleg var det mange demonstrasjonar med unge folk i gatene. I løpet av tre veker var over ein million ungdommar med og demonstrerte mot denne auken. Facebook-generasjonen fekk ei heilt ny meining for meg. Dei var ikkje snørrungar på gata, dei kunne twitre, organisere seg på Facebook, halde tale i gatene og dei var sinte, seier ho.

Ho viser til at ungdommen sitt engasjement også viser seg i Norge i dag. Mellom anna nemner ho saka frå den norske heimstaden hennar som dreier seg om distriktssjukehusa sin vidare eksistens.

– Engasjement til ungdom handlar om einskildsaker, og det er ikkje ulikt i Storbritannia og Norge, slår Brkic fast.

Sjølv er ho opptatt av at skiljene mellom einskildsaker og politikk skal viskast ut.

– Politikarane må bli meir bevisste på å bruke einskildsaker for å vise sin ståstad. I til dømes Amelie-saka var dei norske politikarane feige. Ingen våga å stå fram og seie at dei anten støtta ho eller ville kaste ho ut av landet, seier den politiske rådgjevaren.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...