Når Kulturnett Sogn og Fjordane lanserte sine nye nettsider i går, var det med ny logo teikna av Målfrid Asheim Nummedal frå Sogndal vidaregåande.
Elevar innanfor medium, kommunikasjon og formgiving har vore utfordra til å lage logoen, og det er dei tilsette i kultursektoren i Sogn og Fjordane fylkeskommune som har stemt fram vinnaren.
Grunngjevinga for at Asheim Nummedal sin logo vann er mellom anna er at “kruna” som er forma som narren sitt hovudplagg, symboliserer Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, melder dei på heimesida si. Narren, eller gjøglaren, som eig hovudplagget kan spøke med sanningar andre ville mista hovudet for å nemne. Symbolet rommar såleis hele spennet mellom uskuldig underhaldning og kritisk brodd.