Heim Nyhende Variert vår

Variert vår

Samlaget legg no fram vårlista med blant anna nye bøker frå Agnes Ravatn, Ragnar Hovland og Lars Mæhle.

Fleire etablerte forfattarar kjem med nyutgjevingar på Samlaget denne våren. Agnes Ravatn har studert vekeblada og prøver å vise lesaren i boka Folkelesnad kva desse blada vil med oss. Ragnar Hovland kjem også med ei ny essaysamling der han fører oss inn i forfattarskapane til Dickens, Brautigan, Dylan Thomas, Edgar Allan Poe og andre.

Besett av kjærleik
Lars Mæhle kjenner truleg dei fleste som barne – og ungdomsforfattar. No kjem han derimot med si første vaksenbok. I boka Korea. Noveller om kjærleik går handlinga føre seg på industristaden Sunndalsøra. Boka handlar i store trekk om menneske som på ulikt vis er styrte eller besette av kjærleik.

No kjem også Olav H. Hauge sine dagbøker i ei kortutgåve. Her får me Hauge sine eigne tankar om fruktdyrking, verdslitteratur og kvardag.

Brevsamlinga med brev som han og kona Bodil Cappelen har sendt kvarandre kjem også no i ny drakt.


Venstrevridd pressehistorie

Samstundes har journalist Alf Skjeseth skrive pressehistoria til Klassekampen. Ei historie om avisa som har utvikla seg frå revolusjonær propagandaavis til kultureliten og venstresida si dagsavis.

For dei minste presenterer no Samlaget blant anna ein ny norsk peikebokserie som heiter Mopp og Mikko av illustratøren og forfattaren Kari Stai.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...