Heim Nyhende Velkommen til landstinget til LNK i Førde!

Velkommen til landstinget til LNK i Førde!

 
 
Landssamanslutninga av nynorskkommunar ønskjer velkommen til landsting i Førde 6.-7. juni på Scandic Sunnfjord Hotell. LNK vil samstundes feira 25-årsjubileet sitt.

Landstinget er ein viktig møteplass for dei over 100 nynorskkommunane, og me håpar du har høve til å koma slik at kommunen din blir representert. Målet vårt er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane.
 
Landstinget har fire hovudtema:
• Den digitale framtidsskulen på nynorsk
• Klarspråk i kommunereforma
• Mediemeldinga og framtida for nynorsk i lokale media
• Med nynorsk på tanken: om korleis stimulera til fleire nynorske kulturproduksjonar gjennom Kulturtanken/DKS.
 
Til festkvelden kjem Tore Renberg og Tønes for å spela og samtala på Larris Scene på Scandic Sunnfjord Hotell.
Tore Renberg er ein strålande vikar for Ragnar Hovland som først var sett opp saman med Tønes.
 

PROGRAM FOR LANDSTINGET TIL LNK

Torsdag 6. juni

Tema:

09.00   Registrering

10.00   Opning: Velkomen til Førde v/ordførar Olve Grotle og fylkesordførar Jenny Følling

10.15   Statssekretær Atle Hamar helsar frå regjeringa

10.25   Leiartale ved Solfrid Borge

10.35   Kulturell opning med fløyte- og slagverkduoen Helga Lied Wyrtz og Thomas  Aanonlie.

Tema: Klarspråk og nynorsk inspirasjon

10.50   Ole John Østenstad innleier om klarspråkarbeid i den nye Sunnfjord kommune

11.00   Samtale om klarspråk med Ole John Østenstad, statsekretær Atle Hamar (V) og  Steffen Rogne, kommunikasjonsansvarleg i Hå kommune, Årets klarspråkkommune. Ordstyrar: Vigleik Brekke, informasjonsleiar, Fjell kommune

11.40   Nynorsk inspirasjon: 
Om nynorskkurs for foreldre ved Petter Steen jr., prosjektleiar i  Sveio kommune

Prosjekt «Stolt av eige språk» ved Jorid Saure, Fjell kommune

Rom for ord – eit nynorsk litteraturhus  for distrikta, ved Janne Karin Støylen, Svidal Skriveri

12.30   Lunsj

Tema: Med nynorsk på tanken

13.30   Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune innleier

13.35   Med nynorsk på tanken – korleis få fleire produksjonar på nynorsk gjennom  Kulturtanken? Ved direktør i Kulturtanken Lin Marie Holvik.

1350: Samtale om nynorsk i Den kulturelle skulesekken: Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør ved Nynorsk kultursentrum, Bodil Kvamme, teatersjef, Sogn og Fjordane Teater, Ingebjørg Erikstad, Janne Karin Støylen, Svidal skriveri og Rom for ord og Lin Marie Holvik, direktør i Kulturtanken.

14.30  Pause, kaffi, frukt, utstillarar

Tema: Nynorsk i media

14.50  Nynorsk i media: Mediemeldinga er lagt fram, og ny språkmelding kjem. Kva er utfordringane, og korleis kan nynorsken styrkast som mediespråk? Og korleis rekrutterer ein nynorskskrivande journalistar til lokalavisene – med Rune Hetland, generalsekretær Landslaget for lokalaviser, Marte Husabø, praktikant ved Nynorsk Avissenter, Kjell Ove Nordeide, dagleg leiar ved Nynorsk avissenter og Kai Aage Pedersen, ansvarleg redaktør i Firda. Ordstyrar: Svein Olav B. Langåker.

16.00   Årsmøte LNK

16.30   Møteslutt

18.00   Aperitiff og middag

20.00   Tønes og Tore Renberg reddar kvelden – prat, poesi, song og spel på Larris-scenen.

Fredag 7. juni

Tema: Nynorsk og digitalisering av skulen

08.45   Leiartale ved Solfrid Borge og framhald av årsmøte i LNK.

09.30   Pause og utsjekk

10.00   Den digitale framtidsskulen, ved Ingvild Vikingsen Skogestad, prosjektleiar Digg  læring ved Knappskog skule. Kva er det som gjer at sjefar i Google og It’s Learning kjem på besøk for å læra korleis ein skule i Fjell kommune jobbar med digitale læremiddel?

10.20   Nynorsk i den digitale skulekvardagen, ved språkdirektør Åse Wetås.

10.50   Det digitale læringsmiljøet i nynorskskulen – innleiing ved høgskulelektor ved Nasjonalt senter for nynorsk, Hjalmar Eiksund.

11.10   Om digitale skulesatsinga til LNK ved Framtida.no-redaktør Svein Olav Langåker

11.20   Samtale om korleis digitale læremiddel og dei nye læreplanane kan styrkja nynorsken. I panelet: Åse Wetås, Hjalmar Eiksund, Ingvild Vikingsen Skogestad, Mette F. Reinertsen, rektor/styrar Jostedal oppvekstsenter,  m.fl.

12.10   Jens Kihl, kommentator i BT, kåserer og utfordrar nynorskkommunane før slutt

12.40   Møteslutt og lunsj

Det kan bli nokre mindre justeringar i programmet. Me har sett av éin time til korte presentasjonar av gode nynorsktiltak i kommunane. Har du innspel til tiltak som fleire bør få vita om  eller andre spørsmål – ta kontakt med svein@framtida.no!
 
 
Slik kjem du deg til Førde:
Ekspressbussruta Fjordekspressen går frå Bergen og frå Trondheim, og passar slik for både reisande frå nord og sør på Vestlandet.
Det er òg mogleg å ta fly med Widerøe til Førde frå Bergen og Oslo.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...