Heim Nyhende Ventar framleis på skulebøker

Ventar framleis på skulebøker

Fem veker etter skulestart har Ingvild Elisabeth Fagereng på Moheia vidaregåande skule enno ikkje fått skulebøkene sine.

Fagereng har nynorsk som hovudmål og skulen har bestilt bøker på nynorsk til ho. Men enn så lenge må ho bruke bokmålsbøker. Til Rana blad seier Fargereng at ho gav beskjed til lærarane sine om språkvalet første skuleveka, og ho har mast på dei om bøkene etter det. Sidan har ho kontakta studierektor for å få fortgang i sakene, og no har ho også kontakta Norsk Målungdom for å få råd og hjelp. 

Fagereng reagerer i tillegg på at ein norsklærar har kome med negativ kommentar til nynorsken og at ho ikkje har fått tatt kartleggingsprøve på nynorsk.

– Læraren sa den ikkje eksisterer på nynorsk, noko eg veit at han gjer, seier ho til Rana Blad. –  Det var liksom vanskeleg kvar gong eg ville ha noko på nynorsk og det opplever eg som provoserande og demotiverande.

Rektor Kaia Erlandsen ved  Polarsirkelen, som Moheia høyrer til, beklagar at ikkje Ingvild Elisabeth Fagereng har fått bøkene sine. Trass i at Fargereng har gitt beskjed til lærarane sine, har ikkje studierektor ved Moheia fått beskjed før for halvanna veke sidan. No er bøkene bestilt, seier Erlandsen. 

Rektor er ikkje kjend med at Fagereng har klaga på ein av lærarane sine.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...