Heim Innspel Kommentar: Kven vil arbeide i kommunen?

Kommentar: Kven vil arbeide i kommunen?

For eit par veker sidan meldte nettstaden iTromsø at Tromsø kommune var så i beit for arbeidskraft at dei lova 50.000 til nyutdanna frå helse og omsorg samt lærarutdanninga.

Tromsø kommune har foreløpig det høgste bodet i kampen om friske hendar innan helse og utdanning. Men svært mange kommunar slit med same problem som Tromsø. Og behovet stoppar ikkje ved helse og utdanning. 

Også for andre viktige sektorar, til dømes der det trengs folk med ingeniør- eller økonomiutdanning, slit Kommune-Norge med å fylle dei ledige stolane. Moss Avis skreiv 19. juni i år om Hobbøl kommune i Østfold der teknisk avdeling ikkje hadde nokon tilsette. Det burde vore tre.

Den same tendensen ser ein og for økonomar. Berre to prosent av dei spurde økonomistudentane ønskjer seg til kommunesektoren, visar ei undersøking ECONA nyleg gjennomførte.

Samstundes er det ECONA si erfaring at kommunesektoren gjør svært lite for å promotere seg overfor studentar på landets høgskular og universitet.
Her trur eg kjernen i saka ligg. Me kjenner ordet «kommunegrå». Det står for det anonyme, konforme, triste og kjedelege. Dei som ikkje kjenner kommunal sektor frå innsida har dessverre ofte dette inntrykket av sektoren. Kven ved sine fulle fem ville ha søkt jobb ut frå desse kriteria?

Enkelte har kalla det omdømeparadokset til kommunen. Nemleg det faktum at brukarar og tilsette i langt større grad er nøgde enn dei som har lite med kommunen å gjere. Me som arbeider i kommunal sektor veit at me har ein god arbeidsgjevar: arbeidsoppgåvene er mange, arbeidstempoet er høgt, men det er og stor fleksibilitet og mykje ansvar. Men fortel me dette ofte nok til dei rundt oss?

Kommunalbanken er ikkje noko betre. Men me forsøker å gjere det me kan. For å heve kunnskapen om kommuneøkonomi har banken lansert eit stipend for økonomistudentar på bachelor- og masternivå. Studentar som vil skrive oppgåve om kommunaløkonomiske problemstillingar kan søke om midlar. Denne veka har banken ein egen stand på Handelshøyskolen BI sin karrieredag i Oslo.

Kva det vil seie å jobbe i kommunal og fylkeskommunal sektor må synleggjerast i mykje større grad enn det som har vært gjort til nå. I 2007 starta KS eit prosjekt dei kalla Kommunesektorens Traineeprogram. Studentar mellom anna frå økonomi, tekniske fag, juss og kommunikasjon blei tilbodne praksis i kommunar og fylkeskommunar. Nå er prosjektet skrinlagt grunna manglande interesse frå Kommune-Noreg. Kanskje blei ambisjonane for store.
Kanskje KS heller burde tatt initiativ til ein felles kommunal presentasjonsrunde på universitet og høgskular når desse utdanningsinstitusjonane har sine karrieredagar. Opplegget kunne vore likt landet rundt, men med lokale kommunar og fylke som medspelarar i dei ulike regionane. Stipendordningar for å oppmode studentar til å skrive om ulike kommunale problemstillingar bør også vurderast.

Nokre gjer dette veldig bra. På Romerike har kommunar og interkommunale selskap innan tekniske tenester gått saman om noko dei har kalla Romerike trainee (www.romeriketrainee.no). Programmet rettar seg mot ingeniørar. Første året dei kjørte programmet vart 70 prosent av deltakarane tilsett i ein av kommunane i etterkant. Andre året vart 100 prosent tilsett i etterkant.

Fleire andre gode døme på lokalt initiativ og kreativitet fins over heile landet. Trøsta for oss andre får være at løn tross alt ikkje er alt. Sjølv ikkje for økonomar. Trivsel, ansvar, eiga utvikling og leiarstillingar betyr meir enn løn, om ein skal tru den siste undersøkinga frå ECONA.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...