Heim Nyhende Verdspremiere: Framtidajunior.no er klar!

Verdspremiere: Framtidajunior.no er klar!

Nettsida vart lansert denne veka! Og om berre nokre veker kjem også verdas første nynorske papiravis for barn i heile landet.

 

– Me vil laga eit tilbod som er så spennande og godt at barna vil ha lyst til å bruka det i fritida – og så lærerikt og bra og nyttig at foreldra og lærarane vil ønska at ungane bruker det på skulen og heime, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Vår nynorske nettstad for born mellom 7 og 13 år vil ha nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, spel, skrivekonkurransar, debatt, video, musikk og aktivitetar for barn over heile landet.

Vil la barn få bruka språket sitt

Rektor Lars Bakka tek imot nye bøker til biblioteket, frå redaktør Svein Olav Langåker. Foto: Janne NerheimI dag møtte Svein Olav elevar på Sagvåg skule, der han viste fram nettsida, og fortalte litt om kva som skal skje framover. Framtida junior ønskjer seg mellom anna meiningar frå alle som er opptekne av noko dei synest er viktig. Ungane på 5. , 6. og 7. trinn i Sagvåg har mange meiningar dei vil skrive om.

– Hugsar de den kvalen som hadde mange plastikkposar i magen sin? spør Svein Olav.

– Ja!

Alle svarar i kor. Det er tydeleg at dette er noko dei har snakka om.

– Det kan de skrive lesarbrev om, fortel redaktøren.

Ein gut som sit i amfiet seier at den saka var forferdeleg.

– Me må også stoppa mobbing, seier ei jente på tredje rad.

– Ja, det er også eit viktig tema. Det kjem faktisk eit lesarbrev om mobbing i aller fyrste utgåve av papiravisa, fortel Svein Olav.

Stort behov

Ei undersøking på barneskular i nynorskområde, viser at 97 prosent av kontaktlærarane  ønskjer fleire digitale læringsressursar på nynorsk.

– Dette viser at det er eit stort behov for fleire tilbod på nynorsk, seier Svein Olav B. Langåker

Stort samarbeid: Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Framtida.no, Magasinett, ABC Startsiden og Samlaget har tatt initiativ til storsatsinga. Både Kulturdepartementet, Utdanningsdirektoratet og Sparebanken Vest støttar oppstarten.

Startar papiravis

Første helga i november kjem Framtida junior som papiravis.

Lokalavisene Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland er alle med på samarbeidet med LNK og Framtida.no.

– Eg er utruleg glad for at Noregs beste lokalaviser er med på denne satsinga, seier Svein Olav B. Langåker.

Papiravisa vil vera ei abonnementsavis som kjem ut kvar 14. dag, med nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, teikneseriar, kvissar og mykje anna unikt, interessant og kjekt innhald.

– Me vil ta barn og unge på alvor, og bidra til å visa fram og auka engasjementet deira, seier redaktøren for barnesatsinga.

Framtida Junior finn du her!

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...
Vidaregåande skule

Føreslår å fastsetja hovudmål på vidaregåande skular

I forslaget til ny opplæringslov føreslår regjeringa fleire større og mindre endringar til språk på skulane. Departementet føreslår blant anna: å vidareføra at kommunen skal...

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste...