Heim Nyhende Vestland overtek Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane

Vestland overtek Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane

Vestland fylkeskommune tek over ansvaret for Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, som inneheld rundt 7.000 lokalhistoriske artiklar.

Fylkesleksikonet har vore ei digital formidlingsteneste sidan 2001, med NRK Sogn og Fjordane som initiativtakar. NRK drifta tenesta fram til 2015, då Allkunne tok over.

Allkunne er ei avdeling i stiftinga Nynorsk kultursentrum.

Frå i år skal Nynorsk kultursentrum samarbeide med Store norske leksikon om meir nynorsk leksikoninnhald på snl.no, og Allkunne blir avvikla. Det gjer at Vestland fylkeskommune tek over ansvaret for fylkesleksikonet.

Det lokalhistoriske arkivet er no ein del av verksemda til arkivseksjonen i avdelinga for kultur, idrett og inkludering i Vestland.

– Vi er svært glade for at Fylkesarkivet tek over Fylkesleksikonet, slik at folk framleis får tilgang til dette innhaldet, seier tidlegare Allkunne-redaktør Stina Aasen Lødemel i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Fylkesleksikonet inneheld artiklar om kommunar, bedrifter, stader, personar, historie, næringsliv og kulturliv, organisasjonar og mykje meir. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde...

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...