Heim Nyhende Vestlandsfylka vil tene meir på cruiseturismen

Vestlandsfylka vil tene meir på cruiseturismen

Saman skal dei fire vestlandsfylka finne ut korleis ein kan få meir pengar ut av cruiseturismen, også på land.

 

Vestlandet tek imot kring 70 prosent av all cruisetrafikk her i landet, og dei siste åra har trafikken auka kraftig, skriv Stavanger Aftenblad. Likevel, enkelte hevdar at turistane ikkje legg att meir pengar på land enn dei må. Det blir også vist til at skipa forureinar gjennom utslepp og avfall, dessutan kan overfylte turistattraksjonar og trengsel òg by på utfordringar.

Dei fire fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har saman jobbe fram ein forstudie for å prøve å møte utfordringane. Forstudien konkluderer med at det trengst ein felles plan for å styre cruiseutviklinga i regionen.

Ifølgje Aftenbladet meiner arbeidsgruppa at cruiseverksemda i større grad bør regulerast og styrast av norsk reiselivsnæring, ikkje av cruise-reiarane.

Arbeidsgruppa meiner ein i den felles planen bør setje ei øvre grense for dagleg trafikk på dei ulike destinasjonane. Dei foreslår også å løfte spørsmålet om ei passasjeravgift til nasjonalt nivå og meiner regionen bør jobbe for å gjere landsstraum til eit nasjonalt prosjekt. I tillegg meiner arbeidsgruppa at ein gjennom planen bør arbeide for at aktuelle hamner i regionen kan få status som snuhamner, ifølgje Aftenbladet. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...