Heim Nyhende – Viktig å samarbeide med alle partia

– Viktig å samarbeide med alle partia

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, meiner det er viktig for organisasjonen å samarbeide godt med alle partia på Stortinget. 

– Valresultatet var vel om lag som venta. Men det var spennande å følgja med valnatta. Som vanleg under val bestemte eg meg for å leggja meg tidleg og som vanleg vakna eg i TV-stolen i grålysninga, seier Høviskeland. 

– Kor viktig trur du nynorsken var i valkampen? 

– For mange veljarar trur eg dette med sidemålsproblematikk var viktig, Særleg Venstre trekte nok til seg ein del potensielle Høgreveljarar i den saka.
Alt i alt trur eg ikkje språksak hadde så mykje å seia for utfallet av valet denne gongen, fordi dei som skifta parti av språkgrunnar stort sett gjorde dette innafor si eiga politiske «blokk».

Høviskeland legg vekt på at LNK har vist at dei kan samarbeide godt med alle parti, men det for landet sin del truleg er best med ein breiast mogleg koalisjon. 

– Og kva med rolla til opposisjonen? 

– Rolla til opposisjonen er alltid viktig. Opposisjonen skal vera kritiske vaktbikkjer og moderatorar og såleis gjera dei som er i posisjon endå betre.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...