Heim Nyhende Ny regjering stansar Tajiks boklov

Ny regjering stansar Tajiks boklov

Kulturminister Hadia Tajiks boklov, som blei vedtatt i Stortinget før sommarferien, er ennå ikkje sett i verk. Det blir han heller ikkje, for den nye regjeringa kjem til å stanse loven, opplyser Høgre.

Føremålet med loven var å fjerne priskonkurranse mellom bokhandlarar og å sikre forlaga stabile inntekter, blant anna gjennom fastpris for bøker.

– Høgres haldning til bokloven er at han ikkje skal tre i kraft når vi tar over, seier nestleiaren i partiet, Jan Tore Sanner, til Dagens Næringsliv.

Framstegspartiet gleder seg over utsegna hans.

– Bokloven kan kastast. Slik eg forstår det på Høgre, er begge parti heilt klare på det området no, seier Frps kulturpolitiske talsmann Ib Thomsen.

Kristeleg Folkeparti og Venstre er heller ikkje forkjemparar for bokloven.

– Dette er tida for dei bråkjekke kommentarane. Men eg vil ikkje forskotere framtida til bokloven heilt ennå. Men det er klart at ingen av dei fire som no utgjer fleirtalet på Stortinget var for loven, seier KrFs kulturpolitiske talsperson Øyvind Håbrekke.

Dei borgarlege partia kjem også til å kutte i pressestøtta, som i dag er på 287 millionar kroner. Høgre vil kutte 100 millionar kroner. Frp ønskjer å kutte 180 millionar kroner. Dagsavisen kan bli ramma og miste halvparten av dagens pressestøtte.

– Dagsavisen bør skjelve i buksene, seier Thomsen.

Helge Simonnes, som er ansvarleg redaktør i Vårt Land og styreleiar i Dagsavisen, nektar for at han skjelv i buksene. Fornufta vil sigre, meiner han.

– Pressestøtta er eit tema det er lett å rope høgt om, men noko som ligg langt ned på prioritetslista til Siv Jensen, seier Simonnes. (©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...

Unikt Aasen-materiale publisert på nett

Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld omlag 2 500 bøker. I januar i år tok Nynorsk kultursentrum til på arbeidet med å gå gjennom alle...