Heim Nyhende Vil behalde mållova

Vil behalde mållova

Erna Solberg (H) vil ha valfritt sidemål, men behalde mållova. 

 

– Kva blir den viktigaste språksaka fram mot Stortingsvalet 2013?

– Det trur eg vert sidemålsundervisninga i skulen.

– Kva blir den viktigaste nynorsksaka ?
– Eg trur kampen for å bevare dei norske domena for fagspråk vert sentral framover.

Les også : Vil halde på sidemålet 

– Kva tenkjer du om framtida til sidemålet og sidemålskarakteren?
– Høgre sitt programutval har teke til orde for valfritt skriftleg sidemål i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Avgjerda vert teken på Høgre sitt landsmøte i mai. Høgre vil bygge opp under begge målformer som hovudmål i skulen og såleis sikre dei for framtida. Vi legg vekt på å framleis ha to likestilte målformer og vil halde fram med undervisning i båe.

– Kva tenkjer du om mållova? Bør ho bestå?
– Ja

Les også: Trur på valfritt sidemål 

– Kva trur du blir den viktigaste utfordringa for nynorskkommunane framover?
– Å få tak på nok kvalifiserte folk som samstundes har tilstrekkelege nynorskkunnskapar.

– Korleis påverkar språksakene eit eventuelt regjeringssamarbeid etter valet?
– Språksaka vil verte ein naturleg del av tingingane til ei ny regjering. Dette har til no ikkje vore eit problemområde.

Les også: Vil skape betre haldningar

 

——————————————————
Me utfordrar partileiarane på Stortinget på kva dei meiner blir den viktigaste språksaka fram mot stortingsvalet i 2013. I dag: Erna Solberg (H).

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...