Heim Nyhende Vil gjere Fræna språkleg nøytral

Vil gjere Fræna språkleg nøytral

Plan- og økonomiutvalet i nynorskkommunen Fræna i Møre og Romsdal gjekk denne veka inn for å gjere kommunen språkleg nøytral.

 

 

Forslaget om språkleg nøytralitet kom frå Høgre, FrP og Ap. Tre av dei 16 i utvalet røysta for motforslaget om å halde fram som nynorskkommune.

Fræna har vore nynorskkommune sidan 1964. Språksaka har vore reist somme gonger etter det, utan at det har fått noka avgjerande utfall, heiter det i saksutgreiinga. 

Varaordfører Henry Ståle Farstad (H) seier til Rbnett.no at ho er svært fornøgd med avgjerda, som gjer at dei administrativt tilsette i kommunen sjølve kan velje kva målform dei vil bruke. 

– Er det ein austlending som søkjer jobb i Fræna kommune, så skal vedkommande sleppe å grue seg for tvungen nynorsk, seier Farstad til avisa.

Forslagsstillar Ingvar hals frå Høgre seier til LNK.no at ønskjet om å gjere kommunen språkleg nøytral botnar i at det er enklare for Fræna kommune, som den største arbeidsgjevaren, å rekruttere viss dei tilsette får bruke den målforma dei har som hovudmål sjølve.

Før saka var oppe til handsaming denne veka, har forslaget om språkleg nøytralitet vore ute på høyring hjå arbeidstakarorganisasjonane og kommunestyregruppene. Både Krf, Venstre og SV har kome med fråsegner om at dei ønskjer å halde på nynorsken, Krf rett nok med eit mindretal som støtta forslaget frå Høgre. Arbeidstakarorganisasjonen NITO ønskjer at kommunen skal vere språkleg nøytral.

Ifølgje Rbnett.no var tidlegare ordførar, no kommunestyremedlem, Kjell Lode ein av dei frå Krf som ikkje vil halde på nynorsken. Også han argumenterer med at det er synd for kommunen viss ein ikkje klarer å skaffe folk til administrasjonen fordi dei ikkje er fortrulege med å skrive nynorsk. 

Saka skal endeleg avgjerast av kommunestyret.

Førre artikkelKlart språk
Neste artikkelVil avskaffe sidemålseksamen

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...