Heim Nyhende Vil ha ein annleis sidemålsdebatt

Vil ha ein annleis sidemålsdebatt

 

Påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, vil gjerne ha ein annleis sidemålsdebatt denne våren.

– Like viss som raudruss og blåklokker, kjem sidemålsdebatten kvar vår, like grå som året før. Kva om me denne gongen prøver å finne noko me kan vere einige om i saka, skriv Sture i eit innlegg på aftenbladet.no.

Sture viser til at læreplanen i norsk no er under revisjon, og at ein dermed har ein gog moglegheit til å røske opp i både norskfaget og sidemålsopplæringa. Den påtroppande leiaren i målungdommen meiner det er på tide med ein annleis sidemålsdebatt, som ikkje blir ein tradisjonell skyttargravdiskusjon.

– Det offentlege ordskiftet bør i langt større monn handla om korleis me gjer opplæringa betre. Ikkje berre fordi kontruktiv diskusjon ber meir frukt, men fordi elevane fortener betre. Så denne gongen gjer me det annleis. La obligatorisk vere obligatorisk, la valfritt vere valfritt – det spørsmålet vil enkelte oppvekstpolitikarar og eg alltid vere ueinige om. Det eg har lyst til å diskutere no, er kva me kan bli einige om, seier han og viser til at dei fleste nok kan bli samde om at mange elevar får for dårleg sidemålsopplæring.

– Sidemålsopplæringa må difor rustast kraftig opp, uavhengig av om ho skal vere valfri eller ikkje, slik at elevane får eit skikkeleg opplæringstilbod.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...