Heim Nyhende Å byggje Lølandsenteret vil ta tid

Å byggje Lølandsenteret vil ta tid

– Festen er over, no byrjar kvardagen, seier Kjersti Moe, som er tilsett i Ryfylkemuseet i Suldal med særskilt ansvar for å utvikle Lølandsenteret.

Eg har fått kommentarar og spørsmål frå folk som seier: «Er det den nye Marny som kjem?» Dette kjennest litt ubehageleg, synest eg. Marny (Skeie Henkel, red.merk.) har gjort ein kjempejobb som leiar for Løland-markeringa. Men folk må også vere klar over at no er festen over, no startar kvardagen. Me har per dags dato ikkje eit senter, og me har heller ikkje dei økonomiske rammene som Løland-jubileet har hatt, seier Moe.

Eg veit at mange gjerne hadde sett at det nå kom ei leiande stilling til Lølandsenteret med eit tydelegare fokus på eit nasjonalt barnekultursenter. Men her må eg altså halde meg til dei retningslinjene som me har fått frå departementet, og til det styret og den leiinga som me har ved Ryfylkemuseet. Eg håpar at eg kan ha eit like stort engasjement og entusiasme for å utvikle barne- og ungdomskulturen som det Marny har hatt.

 

Nasjonale visjonar
I slutten av april vart Løland-markeringa, som byrja i 2007, avslutta med høgtidleg markering på Det Norske Teatret i Oslo. No skal arbeidet med å styrkje nynorsk barne- og ungdomslitteratur førast vidare av Ryfylkemuseet og Kjersti Moe. Målet er å etablere eit nasjonalt senter i Suldal.

I tillegg er det sett ned eit nasjonalt råd som skal hjelpe og støtte oss i arbeidet med å realisere eit slikt senter. Per dags dato er det likevel uvisst om der er midlar til å drive dette rådet. Likevel meiner eg at det er viktig å ha mål og ambisjonar å jobbe mot. Eg håpar at me på sikt kan få realisert eit senter og eit nettverk som jobbar aktivt for å styrkje nynorsk barnekultur og -litteratur, også på eit nasjonalt nivå.

Men me må altså vere realistiske og seie at me ikkje er der i dag. Eg er likevel utruleg glad for at det nettopp er Ryfylkemuseet som har fått i «oppdrag» å bringe Løland sine tankar vidare. Dei har vist at gjennom nøkternt og grundig arbeid, ved å leggja stein på stein, at dei har lukkast med store prosjekt tidlegare, slår Moe fast.

 

Bør samarbeide
Ho viser også til at dei ikkje var først ute med ideen om eit nasjonalt senter for barnekultur, men at eit framtidig Lølandsenter bør samarbeide med desse institusjonane.

Mange av desse har drive på i mange år og har gjort og gjer mykje bra arbeid. Ikkje alle desse har vore involverte i Løland-markeringa eller har vore nemnde som ressurssenter overfor senteret tidlegare. Eg ser det som naturleg å etablere ein kontakt med desse, for her trur eg at me kan ha mykje å lære. I tillegg trur eg at eit nærare samarbeid med nokre av desse institusjonane kan vere ein veg å gå for å styrkje arbeidet vårt med nynorsk barnekultur og -litteratur. Me kan kanskje kalle oss ein veslebror nå i starten, også med utgangspunkt i dei ressursane me er tildelte, men eg trur at me med vår forankring i bygdekulturen og nynorsken kan bli ein nasjonal ressurs å spele på for allereie etablerte senter og museum, og at me på sikt kan etablere oss som leiande innan nynorsk barnekultur og -litteratur.

For å få det til er Moe tydeleg på at desse sentra må på banen for å dra lasset saman med Lølandsenteret.

– Saman står me også mykje sterkare når det gjeld søknadar om auka løyvingar, så her må aktuelle aktørar gjerne komme med gode forslag og kjenne si besøkstid; for det er alltid lettare å vere med og påverke når prosjekt er i ein startfase.

 

 

– Ta barna på alvor
Kjersti Moe meiner ein må ta hovudmåla til Løland-markeringa med seg vidare i arbeidet med senteret. Desse er mellom anna å stimulere interessa for å lese og skrive, å utnytte barn sin fantasi, å få barn til å reflektere over endringar i lokalmiljøet og eigen kultur, og ikkje minst utvikle meir lesestoff for barn på nynorsk.

– Det er viktig at barn og unge får oppleve god norsk barnelitteratur på sitt eige mål. Maria Parr sin forfattarskap er eit strålande døme, synes eg. Ho har også fått nasjonal merksemd, og litteraturen er vidareutvikla til andre media som fjernsyn og teater.

– Kva ynskjer du å få til med senteret?

– Hovudmålet mitt vil vere å utvikle Ryfylkemuseet sitt tilbod til barn og unge, noko som kan romme læring og kunnskap, opplevingar og kreative sider. Det er viktig for meg å poengtere at me ikkje må gløyme barna blant vidløftige idear og ambisjonar. Eg synest det er viktigare å jobbe med konkrete tilbod, som gir noko direkte til barn og unge, enn å sitje og skrive prosjektskisser og «klyppe snorer». Møtet med barn og unge, å ta kvardagen deira på alvor og vere med på å stimulere dei til å undre seg og skape var viktig for Rasmus Løland, det er det viktig for meg å halde fast i.

 

Får oppleve litteraturen
I Kunnskapsdepartementet si grunngjeving for løyvingane til ei ny stilling er det presisert at ein bør byggje vidare på utstillinga Kvitebjørnen, og dette arbeidet er Ryfylkemuseet i gong med.

– Kvitebjørnen er ei utruleg flott og påkosta utstilling, som har blitt veldig populær. Mange barn kjem på besøk igjen og igjen. Målet vidare nå er å få barnehagar og skular i regionen til å besøkje utstillinga, slik at fleire barn kan få kjennskap til Løland sin litteratur, oppleve utstillinga og bli inspirert til vidare kreativitet, seier Moe og understrekar at ein no også arbeider med ein pedagogisk pakke rundt utstillinga.

– Kva gler du deg mest til med arbeidet?

– Til å få vera kreativ i lag med barn og unge. Dette er ein spennande jobb, og eg håpar at eg får brukt tidlegare erfaringar og nye idear i denne nye jobben.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...