Heim Nyhende Vil ha karakter i sidemål

Vil ha karakter i sidemål

 Fjerning av karakterbasert sidemål kjem til å føra til ei endå lågare språkleg forståing for det andre skriftsspråket, skriv leiar i Sunnhordland Målungdom, Karen Mjør. 

Mjør er redd det er feil veg å gå dersom ein kuttar karakteren i sidemål. 

– For fleirtalet av elevane i norske skular vil det seie kutt i karakteren i nynorsk. Fjerning av karakterbasert sidemål kjem til å føra til ei endå lågare språkleg forståing for det andre skriftsspråket. I praksis vil det seie ei klar svekking av nynorsken sin posisjon, skriv ho i Fitjarposten. 

– Elevar opplever i dag eit stort karakterpress. For å koma inn på høgskule/universitet må ein ha gode karakterar. Dersom ein tar vekk karakteren i sidemål, kjem faget til å verta endå meir nedprioritert til fordel for andre fag. Resultata vil då verta dårlegare. Sjølv om det vert sagt at lærarane skal ha like mykje fokus på sidemålsopplæringa dersom den vert utan karakter, så hjelper ikkje det stort dersom elevane mister motivasjonen, held ho fram. 

Ho viser også til sidemål i dag er blitt eit «trekkfag» der det ikkje er obligatorisk eksamen. Og at ei evaluering av dette frå 2011 viser at eksamensresultata i sidemål er blitt dårlegare.  

– Dess mindre fokus og bedømming, dess mindre motivasjon har elevane for faget, skriv Karen Mjør. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...