Heim Nyhende Vil ha litteraturhus i Odda

Vil ha litteraturhus i Odda

Litteraturkrefter i Odda ønskjer å gjere Lindehuset og det gamle sentralbadet på smelteverket i Odda om til eit litteraturhus.

Husa skal mellom anna romme kultursalar, filmstudio, eit bokbad med plass til 150 publikummarar, kafé, lyttedusjar og bokutsal. Husa er ein del av smelteverket som la ned i 2003, og Lindehuset er i dag ein sentral arena for Litteratursymposiet i Odda.

– Vi håper dette kan bli eit fleirbrukskulturhus, sa leiar for Litteratursymposiet, Marit Eikemo, då ho presenterte planane under Diktarveg-konferansen i Balestrand. Ho meiner huset vil få heilt andre kvalitetar enn det etablerte Litteraturhuset i Oslo.

– Vi har ein unik kombinasjon av industrihistorie, flott natur og samtidslitteratur forankra i Odda.

Litteraturhuset og bokbadet har førebelse kostnadsrammer på til saman 76,2 millionar kroner, ifølgje Hardanger Folkeblad.

Det nye litteraturhuset blir ein del av ei større satsing på litteratur og skrivekunst i samspel med industrien i Odda. Odda vil tilby ein forfattarbustad i Murboligen, byggverket som er udødeleggjort i Frode Gryttens roman Bikubesong. Det er og planar om å opprette eit skrivekunstmiljø på vidaregåande- og høgskulenivå.

Odda har arrangert litteratursymposium årleg sidan 2002. Det som starta som eit lokalt arrangement har no vekse seg langt ut over kommunegrensene. Symposiet dobla besøkstala sine frå 3 000 i 2008 til 6 000 i 2009.

Førre artikkelMå tenkje nytt
Neste artikkelHauge-senteret til Ørsta

NYNORSK INSPIRASJON

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

Fem bibliotek kan bli nynorskfyrtårn

På landsmøtet i Noregs Mållag i helga lanserer direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark ei ny satsing på nynorskformidling i...

Tips til digital litteraturformidling på nynorsk

Kreativiteten i den digitale litteraturformidlinga blømer i desse koronatider! Utlånet av digitale bøker har auka dramatisk etter at biblioteka stengde. Her har me samla fleire tips...
Foto: Colourbox

Her finn du digitale skuleressursar på nynorsk

Her får du hjelp til å finna digitale ressursar på nynorsk til bruk i skulen. Stengde skular og digital heimeskule viser kor viktig det...

MEST LESE

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Desse kommunane er best på å prioritera barn og unge

Små kommunar med store driftsbudsjett leverer best i Kommuneanalysen, utført av UNICEF. Kvart år rangerer UNICEF landets kommunar etter...

Skulebiblioteket er hjartet i skulen

Langeland skule er blant dei største nynorske 1.-7.skulane i landet, med sine 410 elevar. Skulen har lite plass, men har prioritert skulebiblioteket...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...