Heim Nyhende Hauge-senteret til Ørsta

Hauge-senteret til Ørsta

Olav H. Haugestiftinga i Ulvik vurderer å leggje Haugesenteret inn under Nynorsk kultursentrum i Ørsta.

Stiftinga er no i diskusjon med Nynorsk kultursentrum, og styra i båe organisasjonar vedtok ein intensjonsavtale like før påske.

Det er Hauge-stiftinga som har tatt initiativ til denne administrative samanslåinga, og styreleiar Torunn Ljone seier dette er det beste for stiftinga.

– Vi må slå oss saman med eit eksisterande museum for å kunne etablere Hauge-senteret, seier Torunn Hovland Ljone i Hauge-stiftinga. Etter samtalar med fleire museum kom vi til at Nynorsk kultursentrum vil vere det beste for oss. Dei arbeider med språk og litteratur på eit høgt nivå, og er ein nasjonal institusjon som også orienterer seg internasjonalt, seier Ljone. – Det er nett slike høge ambisjonar vi også har.

Fagleg fellesskap, stor avstand

Olav H. Hauge-stiftinga arbeider for å etablere eit Olav H. Hauge-senter i Ulvik og gjere dette til eit internasjonalt senter for poesi. Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet og Dei nynorske festspela i Ørsta. No arbeider dei to stiftingane for å gjere Hauge-senteret til ei avdeling på linje med Ivar Aasen-tunet i Nynorsk kultursentrum og gjere styret i Hauge-stiftinga til prosjektstyre for Hauge-senteret fram til det kjem i drift.

– Geografisk er avstanden stor, men den faglege fellesskapen er større, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Reidar Sandal. Han ser på dette som ei ny form for konsolidering der museum søkjer saman i det faglege og ikkje gjer geografisk nærleik overordna alt anna.

– Ivar Aasen-tunet fyller ti år i juni, og tida er inne for å gjere noko meir. Ansvaret blir samla i Ørsta, men den lokale eigarskapen til Hauge-senteret tuklar vi ikkje med.

Forprosjektrapport om Hauge-senteret

Om kort tid legg Hauge-stiftinga fram ein forprosjektrapport om planane for Hauge-senteret. Rapporten er utarbeidd av prosjektleiar Guro Ljone og blir send på høyring til mange miljø og institusjonar. Etter planen drøftar rådet i Nynorsk kultursentrum forprosjektrapporten seinare i april.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...