Heim Nyhende Vil ha strengare norsk-krav

Vil ha strengare norsk-krav

UiO meiner studentar ved helseutdanningane kan så dårleg norsk at det kan gå utover pasienttryggleiken.

 

No ønskjer dei fem helsefagutdanningane ved Universitetet i Oslo (UiO) at studentane skal ha minst karakteren 4 i norskfaget frå vidaregåande for å studera.

– Ein stor del av studentane på farmasi og dei andre helsefagutdanningane meistrar norskfaget så dårleg at me meiner det på sikt kan skapa fare for pasienttryggleiken, seier Solveig Kristenen, dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet (MN) til Universitas.
Kristensen sitt fakultet har ansvaret for farmasiutdanninga. Dei andre faga som ønskjer strengare norskkrav er profesjonsstudiet i medisin, bachelorstudiet i tannpleie og dei femårige masterutdanningane i klinisk ernæring og odontologi.

Fagansvarlege har gitt klare tilbakemeldingar om at mange av studentane skriv så dårleg norsk at det går ut over kommunikasjonen, både med andre studentar og pasientar.

Dei nye krava vil innførast i ein prøveperiode på tre år, om fakulteta får det som dei vil.

Studie- og læringsmiljøansvarleg Runar Bjørkvik Mæland ved Studentparlamentet ved UiO støttar bruk av spesielle krav.

– Det vil sikra at studentane har likare føresetnader når deis tartar på studiet. Det er og bra at kunnskap som er relevant for studiet, betyr meir, og at det ikkje berre er totalsnitt og tilleggspoeng som skal telja, seier han til Universitas.

Les meir på Framtida.no!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...